Assistent / Portør / Vaskeri
Seksjon for forsyning og interntransport SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assistent / portør / vaskeri
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. mars
Vi har eit ledig 100 % engasjement ved SNR Hjelset.
Seksjon for forsyning og interntransport ved SNR høyrer til Avdeling for logistikk og forsyning. Seksjonen sitt ansvarsområde omfattar drift av lager, aktiv forsyning og interntransport, sengesentral og tekstil.
Med fokus på kundebehov og kvalitet skal våre støttetenester leggje til rette for god og trygg pasientbehandling. Har du bakgrunn innan logistikk og ønskjer ein interessant og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vitnemål, attestar/tenestebevis og fagbrev må skannast og lastast opp som vedlegg til søknaden/CV-en.
Oppstart: Snarast mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Handtering av tekstilar
- Arbeid på internvaskeri
- Andre portør- og logistikkoppgåver
Kvalifikasjonar
- Erfaring innan dei nemnde fagområda
- Gjerne erfaring frå helse- og sjukehusdrift
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Generelle datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- Strukturert, effektiv og nøyaktig
- Løysingsorientert med gode samarbeidsevner
- Punktleg, stabil og påliteleg
- Ryddig og systematisk
- Sjølvstendig og initiativrik
- God fysisk helse
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kari Helen Hoem Hagen, Rådgiver, kari.helen.hoem.hagen@helse-mr.noVidar Andreassen, Seksjonsleiar, vidar.andreassen@helse-mr.no
Arbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4921526244
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 03.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2866740
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1e15412e83ac4e069b34b47593048ea6