Institusjonslege 60 % fast stilling
Org. nr: 964 980 365 Stillingsident: 4216568415 Presentasjon av stillingen:
Sykkylven kommune har ledig 60% fast stilling institusjonslege ved Sykkylven Bu- og aktivitetssenter -- BUAS.
Det er auka nasjonale krav til kommunane sin kompetanse og kvalitet i helse-og omsorgstenesta.
BUAS står framfor ei omlegging i 2020 der vi gjer endingar av plassar frå heildøgns omsorgsplassar til fleire institusjonsplassar (38 institusjonsplassar inkl. KAD og palliativt rom). Dette inkluderer oppretting av nytt bukollektiv for demente, samt eige tenestekontor for koordinering og tilldeling av helse- og omsorgstenester vert etablert frå 2020. Desse endingane gir auka behov for institusjonslege.
Spesielle krav til stillinga
Godkjent poltitiattest må framleggast av den som blir tilsett.
Minst to referansar oppgjevast i søknaden.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og ber difor om at du nyttar elektronisk søknad.
Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta gjerne kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 65 00.
Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp elektronisk som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
Som instituasjonslege ved BUAS vil det vere medisinsk oppfølging, utgreiing og behandling av pasienter på korttids- rehabilitering og langtidsplasser. Det er ønskeleg at du har klinisk erfaring knytt til geriatri/sjukeheimsmedisin og at du har interesse og engasjement for denne pasientgruppa.
Du må vere god på kommunikasjon med pasient og pårørande og kunne samarbeide tverrfagleg med andre faggrupper. I tillegg har du godt humør, er fleksibel og sjølvstendig.
Demens og kognitiv svikt er ei aukande utfordring for helse og omsorgstenestene. Vi er derfor i utvikling av dette tenesteområdet og ny demensplan er under utarbeiding. Våre korttidsplassar skal brukast aktivt og har mål om kort liggetid. Det betyr at du jobbar aktivt med pasientane i tverrfagleg samarbeid med dyktige sjukepleiarar/ fagarbeidarar/ fysioterapeut/ ergoterapeut. Saman bidreg de til personorientert rehabilitering/ habilitering med aktiv brukermedverknad.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege er eit absolutt krav
- Erfaring og god kjennskap til kommunale helsetenester
- God kunnskap om norsk/offentleg forvaltning
- Kunnskap og erfaring frå utøvande allmennlegeteneste
- Gode faglege kvalifikasjonar med god evne til å rettleie andre
- Erfaring med bruk av digitale verktøy
- Førarkort kl. B og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og fleksibilitet
- Sjølvstendig, engasjert, ansvarleg men også lydhør
- Systematisk og strukturert
- Ha meistrings- og løysingsfokus, samt gjennomføringsevne
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner og god kunnskap om norsk lovverk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Gode personlege eigenskapar vil også bli vektlagt
Vi tilbyr
- Instituasjonslege blir tilsett på vanlege offentlege vilkår, i samsvar med til kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
- Varierande og spennande arbeidsoppgåver med gode utviklingsmuligheiter
- Samarbeid med dyktige kollegaer i eit tverrfagleg miljø
- Kompetanseheving/kurs
- Løn etter kompetanse og erfaring
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
- Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring.
Kontaktinformasjon
Margit Aure Overå, Kommunalsjef Helse, 91898751, margit.aure.overa@sykkylven.kommune.no
Eli Otterlei, Kommunedirektør, 93201413, eli.otterlei@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Sykkylven bu- og aktivitetssenter
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4216568415
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 05.04.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.