Livsglad jente søkjer BPA-assistent i Valldal
Valldal er ei vakker bygd i Møre og Romsdal, og ligg i Norddal Kommune. Denne jordbærbygda ligg ein dryg times køyring frå Ålesund og berre 30 minutter frå verdsarvbygda Geiranger.
Eg heiter Anne-Sofie, er 22 år gamal og frå beste plassen på jord. No har det seg slik at eg har ei hjerneskade, som gjer at eg har behov for hjelp i kvardagen for å kunne leve eit liv i fridom.
Eg ser for meg ei stilling på 35 prosent fast, samt ei tilkalling.
Er du den rette assistenten for meg?
Ditt arbeid blir å hjelpe meg i heimen og følgje meg dit eg skal, anten det er til arbeid eller på aktivitetar. Du legg tilrette for at eg meistrer daglegdagse oppgåver og hjelper meg å passe tida.
Eg ønskjer at du er serviceinnstilt, strukturert og ser gleden i å hjelpe andre. I tillegg er eg avhengig av at du er fleksibel.
Har du slike eigenskapar, er det fint om du likar:
· Å ta initiativ til turar og aktivitetar
· Reinhald
· Matlaging
· Å følgje til sosiale aktivitetar
· Å være med når eg skal trene
Du vert på sett og vis en vegleiar for meg, sidan eg meistrar mange oppgåver til eit visst punkt.
Arbeidstida vert i hovudsak kvardagar frå 0730-1400 eller seinare på dag frå 1400-2100. Dette er omtrentlege tider.
Sidan ein del av arbeidet inneber kjøyring, må du ha førarkort klasse B, samt moglegheit til å disponere eigen bil. Du treng og plettfri politiattest for å jobbe hos meg.
Høyrast dette interessant ut, synes eg du skal søkje stillinga. Du er spesielt aktuell om du er dame, og snakkar og forstår norsk.
Ønsket kompetanse
- Førerkort klasse B
- Språk: Norsk muntleg
Om bedriften
Prima Assistanse er en del av Prima Omsorg AS som tilbyr assistanse-, helse- og omsorgstjenester. Prima Omsorg AS er et anerkjent privat firma som har som formål å tilrettelegge tjenester med høy kvalitet som passer den enkeltes behov. Vi har hovedkontor i Oslo og avdelingskontor en rekke steder i landet. For mer informasjon se www.primaassistanse.no