Miljørettleiar Strandebarm skule
Oppvekst, Kvam herad
Tangeråsneset 35, 5630 Strandebarm
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar skule
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vera ein del av miljørettleiar- laget i skule?
Strandebarm skule har ledig stilling som miljørettleiar i 80 % frå snarast.
Me søkjer trygge og gode miljørettleiarar som brenn for at elevane skal ha det bra på skulen! I denne stillinga på Strandebarm skule får du jobba med einskildeelevar, på klassetrinn og laga miljøtiltak på skulenivå. Me treng modige og trygge vaksne som likar elevane, viser at dei har tru på dei og finn løysingar om noko er vanskeleg.
I Kvam veit me at:
- all åtferd er språk
- elevane gjer så godt dei kan
- alle elevar høyrer heime på skulen
- elevar er ikkje vanskelege, men dei kan ha det vanskeleg
Målsetjinga er at alle elevane våre skal oppleva at dei vert sett, forstått og får oppleva meistring i skulekvardagen. Eit trygt og godt skulemiljø er ein føresetnad for at læring skal skje.
I tillegg til arbeidet på skulen, får miljørettleiarane treffa kvarandre for å dela erfaringar og kompetanse, og vera med på å laga system innan trygt og godt skulemiljø i Kvammaskulen. Som miljørettleiar jobbar du tett med leiinga på skulen, hjelpetenester og dei andre miljørettleiarane i Kvam. Miljørettleiarane kan også få rettleiingsoppgåver inn mot tilsette i skulen, og gi informasjon til/ samarbeida med føresette.
Arbeidsoppgåver
- Direkte arbeid med einskildeelevar og elevgrupper med ulike utfordringar; i klasserom, ute, på andre opplæringsarenaer evt. heime hjå elevar
- Samarbeida tett med kontaktlærarane og andre tilsette på skulen og saman utvikla gode læringsarenaer for elevane
- Samtala med einskildeelevar, organisera aktivitetar i friminutt, og iverksetja miljøførebyggjande tiltak og rutinar på individ, gruppe og skulenivå
- Samarbeida med og rettleia lærarar/støtteteam og leiing ved skulen
- Samarbeida med andre instansar ved behov; helsesjukepleiar, PPT, barnevern, BUP osv
- Ha opplæring med og støtta elevrådet ved skulen
- Skapa gode relasjonar med elevar og føresette
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig høgskuleutdanning (min. bachelor); barnevernspedagog/vernepleiar/sosionom
- Relevant vidareutdanning eller arbeidserfaring knytt til barn med samansette utfordringar(relasjon- og reguleringssvanskar, tilknytningsforstyrring, autismespekteret o.l)
- Kartleggings- og observasjonskompetanse
- Kunna analysera og gjennomføra tiltak for enkeltelevar og grupper med utfordringar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du må ha førarkort og høve til å disponera eigen bil
Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.
Personlege eigenskapar
- Er positiv og blid, fleksibel og løysingssorientert
- Har eit positivt elevsyn
- Likar utfordringar,er sjølvstendig, kreativ, strukturert og modig
- God på relasjonsbygging
- Klarer å stå i krevjande situasjonar over tid
- Møter menneske med respekt og omtanke, uavhengig av åtferd
- Viser høg etisk standard
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Camilla Støen Bakke, Rektor Strandebarm skule, +47 950 01 894, camsto@kvam.kommune.noArbeidsstad
Tangeråsneset 355630 Strandebarm
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4783603619
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2024
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger.
Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2593705
- Sist endret
3. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
13410983b14c42e791eb402374c8dacb