Vil du prøva deg som journalist i Kvinnheringen? Vi treng journalistar til vikariat
No vil vi ha tak i journalistar som kan tre inn i både sommarvikariat og i eitt års vikariat når ein av våre tilsette skal ut i foreldrepermisjon.
Kvinnheringen er på jakt etter ein journalist som ser dei gode nyhendesakene, som ivrar etter å presentera dei raskt -- og som evnar å gjera det i ulike kanalar. I Kvinnheringen tenker vi på nettavisa først.
I tillegg til å vera skrivande, vil du også ha video, direkteoppdateringar, strøyming og andre publiseringskanalar som arbeidsverktøy. Har du kompetanse på frontredigering, vil du også få nytte av den. Vi forventar ikkje at du beherskar alt frå første dag, men du må vera open for å tenka og læra nytt.
Vi ser etter ein person som:
- Kan jakta på dei store avsløringane, men som også kan handtera dei små, kjappe nyhenda.
- Likar å ta ansvar, arbeida sjølvstendig og vera kreativ.
- Vert trigga av at sakene dine blir lesne og heiar frem andre for å nå felles mål.
- Brenn for lokalsamfunn og ser verdien av god lokaljournalistikk.
- Har gode idéar, likar å prata med folk, kan skriva godt og fotograferer sjølv.
- Er flink til å koma tett på folk og få fram dei gode historiene.
- Har førarkort og disponerer bil.
- Skriv godt nynorsk.
Vi kan tilpassa arbeidsoppgåvene til din kunnskap, di erfaring og dine sterke sider, men vi legg stor vekt på digital kompetanse og relevant erfaring.
Vi tilbyr:
- Ei viktig rolle i ei lokalavis som skal bety noko for folk.
- Eit nettverk av 900 journalistar i 81 lokalaviser som saman utviklar lokaljournalistikken.
- Eit svært godt arbeidsmiljø i eit digitalfokusert avishus på Husnes.
- Svært variert arbeid, der du blir ein del av turnusen i redaksjonen.
- Mange gode kurs og utviklingsmogelegheiter i landets største lokalaviskonsern.
- Løn etter avtale
Dersom dette høyrest interessant ut, send ein søknad med CV og referanse.
Om du ønskjer ein prat og litt meir informasjon, kontakt redaktør Mona Grønningen på mona@kvinnheringen.no, eller ring 992 24 355.
Du kan også kontakta NJ-leiar Jonn Karl Sætre på jonn.karl@kvinnheringen.no eller ring 995 20 861.
Om bedriften
Kvinnheringen er den største lokalavisa i Kvinnherad, med eit opplag på rundt 4.415 (2. halvår 2020). Dei siste åra har vi vunne fleire prisar, og hatt ein solid digital vekst. Kvinnheringen er eigd av Amedia-konsernet, som òg eig 80 andre aviser.