Undervisningsstilling i idrettsfag/kroppsøving - fast
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Ved seksjon for idrettsfag og kroppsøving har skulen ledig ei fast stilling i inntil 100% med ulike fagkombinasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Undervisninga er knytt opp mot alle fag innan idrettsfag, i tillegg til kroppsøving.
- Kontaktlærarfunksjon, planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning knytt til dei ulike elevgruppene, inngår i stillinga.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå innan kroppsøving/idrettsfag eller tilsvarande
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf forskrift tilOpplæringslova §14-4.
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest.
- Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Personlege eigenskapar
- Har gode evner til å kommunisera, rettleia og motivera
- Kan arbeida både sjølvstendig og saman med andre
- Er systematisk og nøyaktig
- Er løysings- og resultatorientert
- Har sterk fagleg integritet
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Me kan tilby:
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Dynamisk, godt og spennande fag- og arbeidsmiljø
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Joao Luis Adelino Freitas Loureiro, avdelingsleiar, 93031566Arbeidsstad
Saghaugen 35411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:4522326185
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2022
Søknadsfrist: 24.05.2022