Aktivitør/fagarbeidar ved Dagsenter for eldre
Volda kommune, Heimeteneste
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Aktivitør/fagarbeidar ved dagsenter for eldre
Oppstart
12. august 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Frå 12.08.24 - 31.07.25 blir det ledig eit vikariat i 80 % aktivitørstilling knytt til Dagsenter for eldre. Stillinga har dagarbeidstid, med fire arbeidsdagar kvar veke.
Målgruppa for dagtilbodet er heimebuande eldre. Dagsenteret for eldre har to avdelingar lokalisert i første etasje ved Volda omsorgssenter. Den eine avdelinga har tilbod retta mot personar med demens. I tillegg til tilbodet i Volda sentrum har vi dagtilbod på Folkestad to dagar i veka, og på Grodås ein dag i veka.
Mål for tenesta:
- Bidra til at eldre som bur heime får ein meiningsfull kvardag, og kan bu heime lengst mogleg
- Førebygge behov for omfattande tenester i heimen eller flytting til høgare omsorgsnivå.
- Gi tenestemottakar eit rikt, variert og meiningsfylt aktivitetstilbod.
- Fremme god helse gjennom aktivitet.
Arbeidsoppgåver
Som aktivitør skal du bidra til auka aktivitet og trivsel. Du skal gje brukarane tilpassa stimuli som kan oppretthalde funksjonsnivå og gi auka kvardagsmeistring. Til stillinga inngår også mange praktiske oppgåver som førebuing av aktivitetar, tilbereding av måltider, rydde, vaske opp og halde orden.Kvalifikasjonar
Til denne stillinga åpner vi for at både aktivitørar, fagarbeidarar og assistentar kan søkje, Relevant erfaring og personleg eignaheit er like så viktig som formelle kvalifikasjonar. Erfaring frå arbeid med personar med kognitiv svikt er ein fordel. Søkjarar må kunne flytande norsk munnleg og skriftleg. Må ha førarkort klasse B (for manuell gir). Må kunne framvise tilfredsstillande politiattest før oppstart i arbeid.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er allsidig, kreativ, effektiv og samarbeidsvillig, samt innehar evne til å motivere til aktivitet. Du trivast saman med eldre og har evne til å planlegge og legge til rette for tilpassa aktivitetar for brukarane. Vi treng også at du kan ivareta og skape trygge rammer for brukarane. Du må trivast med å jobbe både i team og sjølvstendig. Den rette personen er glad i å lage mat både åleine og saman med andre.Vi tilbyr
- Ein arbeidskvardag med mykje humor og godt humør :o)
- Mange spanande og varierte utfordringar
- Dyktige medarbeidarar med høg kompetanse
- Høve til fagleg utvikling
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Ellinor Knardal, Seksjonsleiar Dagsenter for eldre, 95276559, ellinor.knardal@volda.kommune.noAstrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, +47 95 77 05 24, astrid.dimmen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 26102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4797432702
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 12.08.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 01.05.2024
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2616154
- Sist endret
2. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b2cbab35f54c45b79ca602298abe7ed0