Helsesekretær/sekretær - Avdeling for rusmedisin (AFR)
Helse Bergen
5012 Bergen
Om jobben
Oppstart
11. juni 2019
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org. nr: - Stillingsident: 4084795073 Presentasjon av stillinga:
Avdeling for rusmedisin (AFR) består av seks seksjonar, her tre døgnseksjonar: (Tertnes, Askøy og Floen), ein Forskingsseksjon, ein Legemiddelassistert rehabiliteringsseksjon (LAR) og ein AFR poliklinikk.
AFR poliklinikk held til i moderne lokale i Bergen Sentrum. Avdeling for rusmedisin er i spennande utvikling knytt til både forsking og utvikling av differensierte tenester.
Ambulant team er satsingsområde i Avdeling for Rusmedisin (AFR), og er organisatorisk knytt til LAR, men skal gje avdelingsovergripande helsehjelp til pasientar som av ulike årsaker ikkje klarar å nyttiggjere seg ordinert poliklinisk tilbod. Teamet er tverrfagleg samansett av lege, sjuke- og vernepleiarar.
Poliklinikken består av to psykiatriske ungdomsteam, eit vaksenteam og eit vurderingsteam. Poliklinikken gjev tilbod om individual og gruppeterapeutisk behandling til alle typar av rudsavhengigheit. Kartlegging og samarbeid med andre instansar er og viktige oppgåver for poliklinikken. Poliklinikken er tverrfagleg bemanna med psykiatrar, spesialist i rusmedisin, psykologar med ulike spesialitetar, kliniske sosionomar, spesialsjukepleiarar og vernepleiar, samt fleire i ulike vidareutdanningsløp. Til saman er det 46 stillingar i poliklinikken.
Arbeidsoppgåver
- Pasientservice
- Resepsjonsteneste
- Telefonsentral
- Pasientadministrative oppgåver handtert i DIPS
Kvalifikasjonar
- Søkjar må vere Helsesekretær (autorisasjon), sekretær eller tilsvarande
- Sjukehuserfaring er å føretrekkje
- Søkjar må ha særs gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Vere engasjert
- Det blir lagt vekt på relevant arbeidsefaring og gode DIPS-kunnskapar
- Generelt gode IKT kunnskapar
- Kunne møte menneske i vanskelege situasjonar/livskrisar
Utdanningsnivå
- Fagskole / Fagbrev
Personlege Eigenskapar
- Serviceinnstilling
- Fleksibilitet
- Strukturert
- Gode kommunikasjonsevner
- Bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Samarbeidsvillig
- Sjølvstendig og nøyaktig
Vi tilbyr
- Varierte og spennande oppgåver i eit travelt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Høgt fagleg nivå
Andre opplysningar
- Ingen reiseaktivitet
Kontaktinformasjon
Svanhild Mellingen, Seksjonsleiar, 56155100
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4084795073
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat heltid
Startdato: 11.06.2019
Sluttdato: 16.08.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 30.05.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4084795073&company_id=398341500&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
359665
- Sist endret
31. mai 2019
- Hentet fra
webcruiter
- Referanse
4084795073_Helse Bergen_webcruiter