Sjukepleiar 52 % fast stilling natt - Sulatunet
Org. nr: - Stillingsident: 4086022534 Presentasjon av stillinga:
Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet har 6 rehabiliteringsplassar og 4 rulleringsplassar i 1.etg. I tillegg har avdelinga 10 korttidsplassar. i 2.etg.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er for tida lagt til Sulatunet, korttids/rehabiliteringsavdelinga. Avdelinga skal gi tilbod til brukarar som:
- har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus.
- har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov.
- treng opptrening/vedlikehaldstrening.
- treng avlastning for pårørande.
- akutt behov for institusjonsplass.
- treng palliasjon.
- Fokus for arbeidet i avdelinga vil være å ivareta og styrke brukarane sine eigne ressursar.
- Nattevaktene ved Sulatunet har eit nært samarbeid. Den som blir tilsett må regne med å hjelpe til i alle avdelingane.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter ein autorisert sjukepleiar.
- Krav om politiattest for stillinga.
Personlege Eigenskapar
- For utan gode faglege kunnskapar ser vi etter fleksible, stabile, pålitelege medarbeidarar som samarbeidar godt og har evne til å arbeide sjølvstendig. Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg er ein føresetnad. Personlege eigenskapar vert og sterkt vektlagd.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning.
- Stipendordning for vernepleiarar/sjukepleiarar
Kontaktinformasjon
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar, 70198225, line.bjornevik@sula.kommune.no
Arbeidsstad
Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Sula kommune
Ref. nr.:4086022534
Stillingsbrøk: 52%
Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 07.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4086022534&company_id=3062014105&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9300 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.