JOBBSPESIALIST -- INDIVIDUELL JOBBSTØTTE
Org. nr: 964979278 Stillingsident: 4243606204 Presentasjon av stillingen:
Vert du motivert av å jobbe med menneske? Er du uredd og energisk? Har du pågangsmot og er god på relasjonsbygging? Då kan du vere den vi leitar etter.
NAV Hareid -- Ulstein - Sande leverer arbeidsrelaterte tenester til innbyggarar og verksemder i Hareid, Ulstein og Sande kommuner. Vi samarbeider med Ørsta, Volda, Herøy og Vanylven kommuner om individuell jobbstøtte under paraplyen Søre Sunnmøre IPS.
NAV har gjennom tilskotsordningar frå Helsedirektoratet, etablert eit fleirårig prosjekt i samarbeid med kommunehelsetenestene og Volda DPS. Oppstart var i januar 2019, og prosjektet er gradvis blitt utvida med fleire kommunar. Målsettinga med prosjektet er å etablere og utvikle metodikken Individual Placement and Support (IPS). IPS er ein oppfølgingsmetodikk, som skal legge til rette for at personar med psykiske lidingar skal få og behalde løna arbeid.
Stillinga skal inngå i eit team av 8-9 jobbspesialistar som arbeider etter metodikken i Supported Employment/IPS. Jobbspesialistteamet er under utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Identifisere deltakarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner samt matche med riktig arbeidsgivar
- Avtale møter med potensielle arbeidsgivarar
- Jobbe tett med arbeidsgivarar og deltakarar
- Skape gode relasjonar med aktuelle samarbeidspartar
- Engasjere og motivere jobbsøkarar, arbeidsgivarar og kollegaer
- Arbeide med 20 deltakarar, med krav om 70 % overgang til arbeid
- Mykje utetid med arbeidsgivarar og behandlingsteam, i dei aktuelle kommunane.
Kvalifikasjonar
Det er ønskeleg at du har treårig utdanning frå høgskule eller universitet. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanning. Søkjarar frå NAV eller arbeidsmarknadsbedrift, vil bli vurdert ut frå erfaring med marknadsarbeid og resultat på overgang til arbeid
Personlege eigenskapar
- Har tru på at alle menneske til tross for helseproblem kan få, og behalde ein vanleg jobb
- Har evne til å jobbe resultatorientert og samtidig vere opptatt av god kvalitet
- God på relasjonsbygging og til å skape motivasjon
- Kan arbeide målretta, nøyaktig og effektivt
- Finn motivasjon av å bli fulgt opp på resultat
- Er ein lagspelar, som kan dele erfaring og kontaktar i kontoret
- Kan handtere uforutsigbarheit i eit dynamisk miljø
- Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
- Har førarkort klasse B (gjerne disponere eigen bil)
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Spanande stilling i eit innovativt og endringsvillig arbeidsmiljø prega av kompetanse og marknadsorienterte haldningar
- Tilsetting i Hareid kommune
- Fleire ledige prosjektstillingar inntil 31.12.2021, avhengig av tilskot frå Helsedirektoratet. Mulig med overgang til fast stilling
- Gode forsikringsvilkår
- Løn etter avtale
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Hareid kommune er ei IA- verksemd, og vi vil legge forholda til rette for søkjarar med funksjonshemming.
Spørsmål om stillinga kan rettast til NAV-leiar Anders Norvald Hammer, tlf 41635839.
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysingar om søkjaren bli unnateke offentlegheit dersom søkjaren sjølv bed om det. Søkjarar som ønskjer å reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må grunngi dette og sende grunngjevinga med e-post til postmottak@hareid.kommune.no innan søknadsfristen er ute. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje verte ført opp på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje.
Kontaktinformasjon
Anders Norvald Hammer, NAV-leiar, 416 35 839
Arbeidsstad
Rådhusplassen 5
6060 Hareid
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Hareid kommune
Referansenr.:4243606204
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 31.12.2021
Søknadsfrist: 08.06.2020
Om bedriften
Hareid - så uendeleg full av opplevingar og mulegheiter!
Kultur- og fritidsopplevingar står i kø. Fjellet, fjorden og dei store naturopplevingane ventar på deg.