Er du vår nye engasjerte kollega?
Fjaler kommune Heimetenesta
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige stillingar som sjukepleiar og helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
Fjaler kommune har ledig 100 % stilling som sjukepleiar og helsefagarbeidar, med fortida arbeidsstad i heimetenesta. Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe i eit godt arbeidsmiljø saman med fagleg dyktige kollegaer for å yte gode teneste til våre brukarar.
Våre tenester er tilpassa ny organisering for å møte framtidas behov, og vi har mange spanande oppgåver. Det er oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som lindrande behandling/kreft, velferdsteknologi og demens.
Vi er interessert i å finne gode løysningar i oppgåvene vi utfører for dei som treng det mest. Vi ser etter deg som deler denne interessa og som ønskjer å bli ein del av vårt team
Vi har årsturnus og legg mykje arbeid i å lage ein turnus som gir god jobb/familie- balanse. Som tilsett hjå oss vil du ta del i todelt eller tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Vi nyttar årsturnus over 52 veker med start i månadsskifte februar/mars.
Som sjukepleiar hos oss vil du kunne vere med å bidra til auka kompetanse blant din medarbeidarar. Vi er opne for vidareutdanning om det er eit ynskje. Sjukepleiarar kan og bli spurt om særskilte oppgåver gjennom året, dette kan vere blant anna vaksinering, noko ein ynskjer fordjuping i, og andre utfordringar. Helsefagarbeidarar hos oss har tilbod om auka kompetanse innan ulike fagfelt og prosedyrar. For å møte framtidas behov er det naudsynt med vidareutvikling.
Arbeidsoppgåver:
- Delta i det daglege arbeidet slik at eininga sine arbeidsoppgåver vert utført på ein smidig og god måte. Dette inneber blant anna; stell, tilsyn, sår stell, ernæring, rehabilitering, medikamenthandtering , multidose, kartleggingsbesøk, legemøter og terminalpleie i heim.
- Jobbe kunnskapsbasert for å sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
- Bidra til auka fagleg utvikling
Hos oss får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegar
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Ein variert og kjekk kvardag
- Løn etter sentralt lønns- og stillingsregulativ
- Alltid på topp tillegg for sjukepleiarar i turnus kr 35 000
- Alltid på topp tillegg for helsefagarbeidarar kr 8000
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kurs og etterutdanning innan satsingsområde
Kvalifikasjonar:
- Sjukepleiarstilling: Autorisasjon som sjukepleiar
- Helsefagarbeidarstilling: Autorisasjon som helsefagarbeidar
- For begge stillingane må ein ha :
- Førarkort klasse
- God norsk munnleg og skriftleg framstilling
- Den/dei som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest for tiltreding
- Sjukepleiestudentar/lærlingar i helsefagarbeid ferdig sommar 2025 kan og søkje
Personlege eigenskapar:
- God på kommunikasjon og samarbeid
- Sjølvstende
- Fleksibel og evne til å arbeide løysningsorientert
- Engasjement for eldreomsorg
- Godt humør i ein travel kvardag
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunkt er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2818915
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3442555_205133_nn