ID 2244 Landbrukssjef - Fagkontor plan/samfunnsutvikling
Stord kommune
Stord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Landbruksfagleg sjef/rådgjevar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stord kommune driv overordna utviklings- og sakshandsamingsarbeid i eigne fagavdelingar. Ved fagkontor plan/ samfunnsutvikling vert det lyst ut ei nyoppretta stilling som rådgjevar landbruk. Kommunen omstrukturerer arbeidet sitt inn mot landbruksnæringa, og stillinga vert sentral i dette arbeidet.
Stord kommune søkjer landbrukssjef i fast 100% stillingSentrale arbeids- og ansvarsområde er:
-
Forvaltning av sentrale tilskotsordningar i landbruksnæringa, m.a. produksjonstilskot, avløysartilskot og RMP
-
Sakshandsaming og forvaltning etter landbrukslovene
-
Ajourhald av arealopplysningar
-
Skog- og viltforvaltning
-
Sakshandsaming og forvaltning innanfor miljø og forureining
-
Planarbeid
Kvalifikasjonskrav:
-
høgare relevant landbruksfagleg utdanning helst på masternivå
-
relevant yrkeserfaring innanfor landbruksnæringa er ynskjeleg
-
kjennskap til offentleg forvaltning er ein føremon
-
meistre norsk skriftleg og munnleg (nynorsk skriftmål)
Personlege eigenskapar som vert vektlagt:
-
du er strukturert og gjennomføringsdyktig
-
du er fleksibel, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og liker å arbeide i eit tverrfagleg miljø
-
du har interesse og engasjement innanfor fagfeltet, og evner samstundes å tenka heilskapleg nærings-, by- og samfunnsutvikling
-
du kan utøva fagleg rettleiing på ein inspirerande måte
-
du likar å læra nytt og å hjelpa andre til å lukkast
-
du er god til å finna og tolka relevant regelverk
-
du er nyfiken og nytenkjande og likar å utforska digitale verktøy
Me kan tilby:
-
Ein spennande jobb med faglege utfordringar
-
Samarbeid med mange kompetente og engasjerte medarbeidarar i ein aktiv og tverrfagleg organisasjon
-
Godt arbeidsmiljø
-
Fleksibilitet i arbeidsstad og -tid
-
God pensjons- og forsikringsordning
-
Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal og hytte ved sjøen (Husøy) og utleige av tilhengarar m.m.
-
Løn etter avtale. Arbeidsvilkår vert i samsvar med kommunalt avtaleverk.
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med plansjef Lovise Vestbøstad, tlf. 911 50 097
Om bedriften
Stord kommune er ein stolt industrikommune i Vestland med over 19 000 innbyggjarar. Me er ein <<liten by for det heilt store>>! Her er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv, kulturliv og frivillig sektor. Stord kommune ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger og er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland. Kommunen er ein kompakt vekstkommune som legg til rette for framtidas næringsliv, heiar på samskaping og samarbeid, satsar på inkluderande fellesskap og grøn byutvikling, og ynskjer å forvalta våre natur- og friluftsområde og den nære strandsona til beste for fellesskapet.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2746675
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
cf55f719-b677-452d-972b-93cdca3fc27d