70 % sjukepleiarvikariat
Org. nr: - Stillingsident: 4203411133 Presentasjon av stillingen:
Pleie og omsorgstenesta i Kvam er i endring. Utviklingsprosjektet "Eit godt liv der me bur" har som mål å skapa omsorgstenester for framtida. Meir satsing på tenester til heimebuande er sentralt i den nye omsorgsmodellen. Pleie og omsorgstenesta gjennomfører ei større omorganisering og tenesta vert frå 30.03.20 organisert i 3 avdelingar: Tenester til menneske med utviklingshemming, heildøgnstenester og tenester til heimebuande.
Nattenesta i Norheimsund/ Øystese/ Ålvik vert i den nye modellen foreløpig organisert som eitt team med oppgåver i institusjon, omsorgsbustader med heildøgnsomsorg og i heimetenesta- organisert under ein leiar. Målet er auka fleksibilitet og samarbeid mellom dei ulike gruppene i pleie og omsorg.
Me søkjer sjukepleiar til ledig 70 % vikariat frå 01.04.2020 - 31.03.2021. Stillinga har for tida oppmøteplass Toloheimen. Stillinga har turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleie til pasientar i institusjon, omsorgsbustader med heildøgnsomsorg og heimetenesta.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må ha førarkort for bil
- Du må kunne arbeida sjølvstendig
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Utdanningsretning
- Medisin / Helse/ Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høgskule / Universitet, Diplom / Bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt og fagleg engasjert
- Tek ansvar og arbeidar sjølvstendig
- Fleksibel og bidreg aktivt i samarbeid med andre
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
-
Variert og sjølvstendig arbeid
-
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
-
Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Liv Skutlaberg, Gruppeleiar gr.3 Vest og Natt, (+47) 993 49 586
Hilde Ystanes, Leiar for tenester til heimebuande, 974 23 286
Arbeidsstad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Kvam herad
Referansenr.:4203411133
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Startdato: 01.04.2020
Sluttdato: 31.03.2021
Søknadsfrist: 15.03.2020
Om bedriften
Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular . Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt <>. Her kan du oppleva <>, handlegate, strandveg og bystrand. Les meir