Kunne du tenke deg eit legevikariat i ein flott fjellbygd med gode vilkår?
Eineståande sjanse til å jobbe i vakre Setesdal – vi har fastlegestilling med gode vilkår!
Er du interessert i allmennmedisin, er i LIS3-løp, eller er til og med spesialist i allmennmedisin, eller berre ønsker ei tid i allmennpraksis frå annan jobb - har vi ledig 100 % fastlegestilling ved helsetenesta i Bykle og Valle! Stillinga er eit vikariat på 6 månadar på Hovden legekontor, med moglegheit til forlenging.
Stillinga og kontoret:
Bykle kommune har felles helsetenesta med Valle kommune, med Bykle som vertskommune. I stillinga er det fastlegeoppgåver ved legekontor i Valle, Bykle og Hovden. Fastlønnet med ei liste på ca. 600 pasientar. Beredskapslegevakt i distrikt med gode betingelser. Vaktdistriktet er Valle og Bykle kommune. I medarbeidarstaben er det stor del sjukepleiarar. Kontoret er moderne og godt utstyrt.
Du vil oppleva varierte oppgåver. Vi ligg 3 timar reiseveg frå sjukehus og mange problemstillingar vert difor løyst lokalt. Kontoret har digitalt røntgenapparat med avtale om tolking av bilde frå spesialisthelsetenesta. Ein del enkle brotbehandlingar skjer hjå oss. Vi har i tillegg utstyr til ultralyddiagnostikk. Kommunane er typiske turistdestinasjonar og det er ein sesongvariasjon med omsyn til populasjon og problemstillingar. Om sumaren er det vanleg at vi er samlokalisert i Bykle helsehus. Vi er et helsesamarbeid, som betyr at du til tider må kunne jobbe både på Hovden, i Bykle eller i Valle.
Kommunane har totalt 2 ØHD-senger på respektive sjukeheim i Valle og Bykle kommune. Legekontorene har helsesjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, jordmor og psykisk helse/rustenesta i same bygg med godt samarbeid. Totalt er det 4 fastleger og 2 LIS1-leger i samarbeidet (fastlege og legevakt) med 3 lokasjoner: i Valle, i Bykle og på Hovden.
Vi ønskjar fortløpande intervju, og vurderar tilsetjinga fortløpande. Vikariatet er ledig frå april.
Arbeidsoppgaver
Generelle allmennmedisinske oppgåver i uselektert fastlegepraksis, inkludert daglegevaktBeredskapslegevakt i distrikt og bakvakt for LIS1
Akuttmedisinske utfordringar som skadehandtering og liknande
Stillinga kan bli tillagt andre oppgåver
Kvalifikasjoner
Lege med norsk autorisasjonGod digital kompetanse
Søkjare som er kvalifisert til sjølvstendige legevakter vil verte føretrekte
Må ha sertifikat for bil
Gode kunnskaper i norsk eller anna skandinavisk språk, både munnleg og skriftleg, samt engelsk på eit grunnleggjande nivå
Personlige egenskaper
Engasjement og interesse for allmennmedisinGod klinisk vurderingsevne
Gode kommunikasjonsferdigheiter
Evne og vilje til samarbeide og evne til å arbeide sjølvstendig vert lagt vekt på
Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
Du er parat til å dele din kunnskap med og lære av andre
Du er oppteke av eit godt arbeidsmiljø og bidrar aktivt til dette
Vi tilbyr
Engasjerte og erfarne legekollegaer og medarbeidarar
Hektisk, spennande og utfordrande fastlege -og legevaktjobb
Gode samarbeidspartnarar
Fastlønn etter avtale og beredskapsvakter lønnast med «Nord-Noreg-tillegget»
Flott natur med gode friluftsmoglegheiter
Storbyliv tre timar køyreveg unna.
Vi er behjelpelig med å skaffe bustad
Andre opplysninger
Kommunen følgjer vanlege vilkår for avtaleheimler fastset i lov, forskrift og avtaler.
Krav om politiattest ved tilsetjing
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot. Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Kontaktinformasjon
Heinz Thomas Diehl, Tjenesteleder, 41449988Arbeidssted
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle kommuneReferansenr.: 4783658558
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.04.2024
Sluttdato: 30.09.2024
Søknadsfrist: 28.03.2024
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette