Vikarar i Pleie- og omsorg
Eining Pleie- og omsorg, Sveio kommune
Løkjavegen 35, 5550 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Vikarar i Pleie- og omsorg
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Sveio Omsorgssenter og Heimetenesta søkjer etter fleire på laget, om du er student og ønsker helgejobb, eller du har moglegheit til å jobbe som tilkallingsvikar gjennom heile veka er du velkommen som søkjer hos oss.
Sveio Kommune har ca. 5800 innbyggarar og ligg tett opp mot Stord i nord og Haugesund i sør. På Sveio omsorgssenter er det 3 avdelingar med til saman 41 plassar. Omsorgssenteret er eit moderne bygg med flott utsikt over Sveio sentrum.
Heimetenesta har kontorer i søre del bygget. Heimetenesta yter tenester frå Tittelsnes i nord til fylkesgrensa i sør.
Eininga er prega av eit godt miljø, samarbeid, høgt fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ein samla arbeidsgruppe som brenn for å yte faglege gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og me vil jobbe for at du skal oppleva meistring i arbeidskvardagen. I heimetenesta gir vi personsentrert omsorg slik at Sveio sine innbyggarar kan bu lengst mogleg i eigen heim.
Me vil ta inn vikarar fortløpande.
Arbeidsoppgåver
· Stell og pleie· Måltidssituasjonar
· Dokumentasjon og rapportering
· Andre førefallande oppgåver
· Sjølvstendige oppgåver, men og tverrfagleg samarbeid.
· Bidra til et positivt arbeidsmiljø.
· Bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til pasientar og pårørande.
Personlege eigenskapar
· Går på helsefag, har helsefagleg bakgrunn. Andre kan og søkje.· Være fylt 18 år.
· Er fleksibel og løysingsorientert.
· Initiativrik og trivs med varierte arbeids oppgåver.
· Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.
· Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
· Har førarkort klasse B
· Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, leser og skriv så godt norsk at du både kan samarbeide bra med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig.
Vi tilbyr
· Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø med takhøgde arbeidsglede og humor.· Gode høve for fagleg og personleg utvikling.
· God offentleg pensjonsordning
· Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
· Du kan fra din mobil søke på vakter du ønsker deg, eller legge deg tilgjengeleg eller utilgjengeleg i periodar så kontaktar vi deg.
· Opplæringskurs i Læringsplatformen GLUP.
Kontaktinformasjon
Espen Skråmestø, Avdelingsleiar Administrasjon, 99502629, Espen.Skramesto@sveio.kommune.noCamilla Selbak, Einingsleiar Pleie- og omsorg, 95154037, camilla.selbak@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
Løkjavegen 355550 Sveio
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4828515336
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.07.2024
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2678311
- Sist endret
1. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6c2a952438ec44fe9b4083554fb3962a