Ringevikar Kultursmia
Osterøy kommune
Lonevågen 5, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Ringevikar ungdomsklubb
Type ansettelse
Vikariat, deltid 1%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Om stillinga
På Osterøy kultursmie i Lonevåg finn du bibliotek, frivilligsentral, ungdomsklubb, med meir. Me er ein ny organisasjon, i full utvikling, med stort spenn i kompetanse og oppgåver.
Dette er ein arbeidsplass for deg som vil få ting til å skje. Som likar å treffe nye menneske kvar dag, til samvær, service og samskaping.
Me har av og til behov for tilkallingsvikarar, til å betena biblioteket, eller til å vera med på ungdomsklubben.
Er du interessert i dette, send oss ein søknad, kor du seier noko om kva for stilling du er interessert i, så tar me kontakt viss det oppstår eit behov.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver bibliotek:
- Betena skranken og yta service til biblioteket sine brukarar.
- Arbeid med biblioteket sine daglege rutiner.
Arbeidsoppgåver ungdomsklubb:
- Skapa eit godt miljø for deltakarane på klubben
- Førebu til opning - Gjera klart eit måltid, finna fram utstyr.
- Legga til rette for ulike aktiviteter.
- Vere ein trygg person som kan halda oppsyn, sjå den enkelte og setta grenser.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2554329
- Sist endret
30. april 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10194467