Tannlege
Vestland tannhelseteneste - område Sør-Aust har ledig 100% fast stilling som tannlege med tiltreding snarast råd. Tenestestad er for tida ved Vik tannklinikk.
Vik tannklinikk er ein klinikk for ein tannlege, tannpleiar og tannhelsesekretær. Klinikken er nyoppusset ,trivelig og godt utstyrt. Gode moglegheiter for fagleg utvikling med pasienter i alle aldersgrupper.
Vik kommune ligg på sørsida av Sognefjorden, ein av dei lengste fjordane i verda. Ca.2600 innbyggjarar. Til Vik kan ein komme ved å ta Rv13 over Vikafjellet frå Voss, Bergen og Oslo, eller ein kan komme via ferjesambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik over Sognefjorden. Det er og eit hurtigbåtsamband mellom Vik og Bergen, om sommaren 2 gonger dagleg.
I Vik er der skisenter og bygda er viden kjent for sin produksjon av gammalost og bringebærsaft.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.Vi tilbyr
Løn etter avtale med ei minsteløn på kr 640 000,-.
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleg gjord
Kontaktinformasjon
Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4800830976
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2024