Avdelingsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4087343004 Presentasjon av stillingen:
100 % fast stilling ledig for oppstart 01.01.20.
Det skal etablerast ei felles koordinerande eining og eit felles tildelingskontor for helse- og omsorgstenester for heile Ålesund kommune, med basar i Brattvåg og i Ålesund. Avdelinga skal ha ansvar for å rettleie, ta imot spørsmål og søknadar, og gjere enkeltvedtak om tenester etter lov om kommunale helsetenester.
Koordinerande eining er ein del av avdelinga, og har ei sentral rolle i å legge til rette for god samhandling både på individnivå mellom pasient/brukar og tenesteytarar, og mellom tenesteytarar frå ulike fag, sektorar og nivå.
Avdelinga har om lag 32 årsverk. Avdelingsleiar rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.
Arbeidsoppgåver
- Mellomleiar med ansvar for fag, personal og økonomi.
- Ansvar for fag, økonomi, budsjett og personal innafor avdelinga.
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna føringar for Ålesund kommune.
- Leie og utvikle avdelinga i samsvar med Ålesund kommune sine satsingsområde.
- Legge til rette for ein god dialog med brukarar og pårørande.
- Legge til rette for godt samarbeid og skape aktive og motiverte tilsette.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, minimum bachelor, primært sjukepleie.
- Vidareutdanning i helserett er eit krav, evt. er det ei forventning om at den som blir tilsett i stillinga gjennomfører slik vidareutdanning.
- Juridisk kompetanse er også relevant.
- Relevant leiarerfaring.
- Vidareutdanning i leiing er ønskeleg, evt er det ei forventning om at den som blir tilsett i stillinga gjennomfører slik vidareutdanning.
Personlege eigenskapar
- Evne til strukturert, sjølvstendig, målretta, kreativt og innovativt arbeid.
- God kjennskap til og forståing for kommune sine oppgåver.
- Løysningsfokus og høg gjennomføringsevne.
- Evne til å bygge nettverk og samarbeid med andre.
- Personleg eignaheit vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Synnøve Vasstrand Synnes, Kommunalsjef, 990 40 871
Arbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 11
6002 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Nye Ålesund Kommune
Referansenummer:4087343004
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 09.06.2019
Om bedriften
Kommunane Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal danne ein ny kommune frå
- januar 2020. Kommunen skal heite Ålesund. Den blir den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen vil ha rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen blir ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet, vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er <<nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet>>.
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.