Miljøarbeidarar
Tolomarka omsorg og avlastning
Furuflaten 4, 5600 Norheimsund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidarar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80.%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
Me har ledig:
- 80 % fast stilling frå januar 2025
- 83 % og 60 % vikariat frå januar 2025 - 31.12.2025, med moglegheit for forlenging.
Tolomarka omsorg og avlastning er i vekst og utvikling. Me skal framover byggja opp eit godt avlastningstilbod for yngre barn i alderen 5 til 10 år og søkjer derfor etter fleire nye fagarbeidarar innan helsefag eller barne og ungdomsarbeidarfaget. Me søkjer motiverte medarbeidarar med erfaring og kunnskap om barn med utviklingshemming eller autismespekterforstyrringar.
Det er gode moglegheiter for ekstravakter og årsarbeidstid dersom ønskjeleg. Turnusen inneheld både langvakter, kveldsvakter og nattevakter om ønskjeleg. Det er mogleg å utvida stillingsbrøk ved å bruka årsarbeidstid.
I Tolomarka omsorg og avlastning ønskjer me å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid, utdanning og aktivitet. Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på
jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team, etter prinsippa om målretta miljøarbeid og beste effektive omsorgsnivå.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
- Ta del i dagleg drift av bufellesskap og avlastning til menneske med utviklingshemming
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement.
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Lærlingar som brenn for dette feltet og får autorisasjon våren 2025 oppmodast også til å søkja.
- Fordel med relevant arbeidserfaring, spesielt innan autismespekteret
- Interesse og ønske om å jobba med personar med utviklingshemming
- Ha god relasjons- og kommunikasjonsferdigheit og toler å stå i utfordrande åtferd
- Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
- Førarkort klasse B
- Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Alle som yt tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest før tiltreding, jf. helse og omsorgstjenestelova § 5-4 og helsepersonellova § 20a.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss deg som er:
- Autentisk: Du er ærleg og redeleg, står opp for verdiane dine og vert opplevd som ekte.
- Robust: Du er hardfør, seier ifrå og tåler både medgang og motgang.
- Lagspelar: Du samarbeidar godt med andre, tek din del av fellesskapet sine oppgåver, samstundes som du motiverar og engasjerar kollegaer til å gjera det same. Du er lojal og trufast mot avgjerder. Du tar imot og gjev tilbakemeldingar.
- Initiativrik, dynamisk, med god gjennomføringskraft: Du føreslår endringar der du ser behov. Du er omstillingsdyktig og initierer endringar der det er naudsynt, du gjennomfører det me har bestemt, planlagt eller avtalt.
- Systematikar: Du er grundig, nøyaktig og metodisk, og evner å sjå dei store linjene i kvardagslege tiltak og aktivitetar.
- Kunnskapsarbeidar: Du brukar lov, forskrift, faglege og etiske standardar aktivt i arbeidskvardagen og i møte med tenestemottakaren. Du bidrar til å oppretthalda kultur for dette i avdelingane.
Vi tilbyr
- Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Kontaktinformasjon
Lars Kristian Skår, Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning, 970 79 638Arbeidsstad
Furuflaten 45600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4888232731
Stillingsprosent: 80, 83, 60%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 02.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Lars Kristian Skår
Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning
970 79 638
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av regionsenteret vårt Norheimsund.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806345
- Hentet fra
talentech
- Referanse
24adc05e6d5548669eb01a8f74b866b2