Karriere i Helse Bergen? Vernepleiar og sjukepleiar frå sommaren 2025 ved Psykisk helsevern
Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Blombakkane 75, 5354 Straume, Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faste stillingar som vernepleiar og sjukepleiar frå sommaren 2025 ved Psykisk helsevern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. januar
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Psykisk helsevern.
Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Vi har ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt i sommarturnus ved ein av desse avdelingane:
* Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S1 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg med oppstart juni 25
* Avdeling akutt psykose, Seksjon S3, S4 og S5 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg med oppstart juni 25
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM 1 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2 delt turnus, 3. kvar helg med oppstart juni/nærare avtale
* Tidleg psykose Sandviken, TPS søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus, 3. kvar helg med oppstart 9. juni
* Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3 helg. ellers kvar 4 helg
For følgande stillingar vil det vere sommarvikariat ved avdeling og ein kan få vidare fast stilling i Bemanningssenter i føretaket frå hausten.
* Kronstad DPS, Psykose døgn/ Allmenn døgn søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt
turnus med 3. kvar helg. Ein kan og få 3-delt
turnus eller kun natt
* Øyane DPS, Psykose døgn søker sjukepleiar/vernepleiar til 50% stilling på natt i perioden 09.06.-17.08.25 og 50% stilling på natt i perioden 16.06.-10.08.25
Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 25/26 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet.
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Stemningslidingar (S1) tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi søker ein sjukepleiar og ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø.
Kontakt S1: Marte Bjørgve, Tlf. 55958722
Akutt psykose, seksjon S3, S4 og S5 er akutte, lukka postar med 9 og 12 sengeplassar og er skjerma einingar for menneske med psykoselidingar. Seksjonane er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt, Seksjon S3: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530 eller Nora Kjerpeseth Kvellestad, Tlf. 55958734
Kontakt, Seksjon S4: Anja Marie Engh, Tlf. 55958848
Kontakt, Seksjon S5: Liv Mala, Tlf. 55958706
Psykiatrisk akuttmottak (PAM1) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712
Kvalifikasjonar (overskrift)
Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med 15 døgnplassar for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år. Seksjonen er delt inn i to adskilte team der 7 plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagd frivillig eller på tvang. Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling der mellom anna psykiater, psykologspesialist, sosionom, fysioterapeut, treningsterapeut, og miljøterapeut deltar. Vi er særleg opptatt av den fysiske helsa til pasientane og bruker fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Seksjonen har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Det blir lagt vekt på behandling som i størst mogleg grad bygger på frivillegheit og brukarmedverknad, og minst mogleg bruk av tvang. Behandlinga er tilpassa kvar enkelt pasient, og vi sikrer oppfølging av anna instans etter utskriving.
Kontakt: Cathrine Mjøs Kristiansen, Tlf. 55958827/ 40491598
Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar.
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617
Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt.
Kontakt: Psykose døgn: Hilde Steinli, Tlf. 55956000. Allmenn døgn: Thomas Dale, Tlf. 5595620
Øyane DPS, psykose døgnbehandling er ein open døgnseksjon med fokus på rehabilitering av pasientar med psykoseproblematikk. Seksjonen har 8 sengeplassar, derav 2 treningshyblar for rehabilitering over lengre tid. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykologspesialist, psykologar, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, hjelpepleiarar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt på seksjonen og har tett samarbeid med psykose poliklinikk/FACT, samt andre samarbeidspartnare. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring, musikkterapi og fysisk aktivitet er også vesentlige element i behandlinga.
Kontakt: Per-Christian Tang Pedersen, Tlf. 56326619
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
- Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
- Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
- Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar etter endt utdanning
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Må meiste norsk skriftleg og munnleg
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeKarina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4905965596
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2833442
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c9dbeb5d62144962ae00fd0edf559865