To faste stillingar, og eit vikariat som sjukepleiar ved omsorgstenesta.
Eining for omsorg får ledig eit vikariat og to faste 100% stillingar som sjukepleiar.
Stillingane er i tredelt turnus.
Om du ikkje ønskjer full stilling er det mogleg å søkje om ønska stillingsstørrelse.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg som sto ferdig i oktober 2020. Her er det eige kjøkken og 5 institusjonsplassar, 2 korttidsplassar/avlastning/kommunal augeblikkeleg hjelp, 5 omsorgsbustadar for demente og 8 omsorgsbustadar/leilegheiter til menneske med ulike behov.
Det er tett samarbeid mellom institusjonen og heimetenesta, og som sjukepleiar vil ein ha oppgåver på begge stader.
Arbeidsoppgaver
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Ønskjer du å arbeide i eit godt arbeids - og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver håpar me du søkjer jobb hos oss.
Arbeids og ansvarsområde er mellom anna:
- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard, og rettleie anna personale i faglege og etiske spørsmål
- Sjukepleiarfagleg ansvar på skift når gruppeleiar ikkje er tilstades
- Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Sørgje for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Profil
- Legemiddelhandtering og opplæring
- Oppfølging av legevisitt
- Halde seg fagleg oppdatert
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
Kvalifikasjoner
- Autorisert sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest må kunne leggast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Personlige egenskaper
- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- God kjennskap til bruk av IKT
- Fleksibel og positiv
- Evner til nytenkning og sjå nye løysingar.
- Glad i utfordringar
- Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Vi tilbyr
- Fast tilsetjing i stillingskode 7174, (evt.vaikariat)
- Lønn etter lov og avtaleverk
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar.
- Godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar Pleie, Rehabilitering og omsorgArbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Åseral kommuneReferansenr.:4556704022
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2023
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.