100% faste lærarstillingar (2) ved Lægreid skule
Lægreid Skule
Skulevegen 4, 5783 Eidfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærer
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Stillinga
Me søkjer lærarar som har god kompetanse i klasseleiing, i variert bruk av digitale læringsverktøy i undervisninga, og har fokus på å skape gode relasjonar med elevane. Det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i norsk, engelsk, matte, naturfag og spansk.
Det er behov for lærarar med grunnskuleutdanning 1.-7. klasse og 5.-10. klasse, og at søkjarar har erfaring i å undervise på tvers av trinna i grunnskulen. Kontaktlærar kan vere aktuelt. Det er kombinasjonen av ønska kvalifikasjonar til søkjaren, saman med allereie eksisterande kompetanse på Lægreid skule, som vil danne grunnlag for tilsetjing.
Personlege eigenskapar
-
likar å arbeida med barn og unge
-
god relasjonskompetanse
-
er ein motivert, engasjert og profesjonsbevisst tilsett og kollega
-
bidreg til trivsel og eit godt og inkluderande skulemiljø og arbeidsmiljø
-
kan samarbeida med fleire for best mogeleg tilrettelegging for våre elevar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Utlysinga gjeld også for stillingar som det kan vera behov for utover våren og sommaren.
Anna
Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Løn etter gjeldande avtaleverk. Attestar og vitnemål må leggjast fram før tilsetjing. Politiattest vert krevd i samband med tilsetjinga jfr. Opplæringslova §10.9. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju.
Merk søknadsskjema med: arkivsakID 25/226.
Spørsmål
Ta kontakt med:
Rektor Anne Underdal tlf. 922 28 448, eller assisterande rektor Hilde Anette Bu, tlf. 913 46 788 om du har spørsmål.
Kontaktperson for stillingen
Anne Underdal
Rektor
92228448
Om bedriften
Om Lægreid skule
Lægreid skule (1-10 skule) ligg fint til i Eidfjord, med basseng, idrettshall og stort uteområde rundt seg, som både skule og SFO nyt godt av. Skulen har felles varm lunsj for elevane kvar dag. Med naturen tett på, er det sjølvsagt med uteskule for heile barnetrinnet kvar veke. Skulen deltek i Trivselsleiar-programmet.
Lægreid skule er godt utstyrt med digitale hjelpemiddel og læringsressursar, og har digitale tavler i alle klasserom. Dei 109 elevane våre har pc eller læringsbrett 1:1, og nyttar digitale læringsressursar i alle fag. Skulen har fokus på å ha god balanse i bruken av fysiske bøker og digitale verktøy.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2861916
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ce194778-ab93-4494-9a2a-dfe867fe5af4