Engasjement som rådgjevar
Hordaland friomsorgskontor
Allehelgens gate 2 , 5016 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Engasjement rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Om stillinga
Me ynskjer å knytte til oss vikarar for seks månader engasjement i periodar med høgt tilfang av saker, foreldrepermisjonar, utdaningspermisjonar og anna fråvær. Det er moglegheit til forlenging av engasjement.Kriminalomsorgen region vest er ein etat som er underlagt Kriminalomsorgsdirektoratet, og har overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Kriminalomsorga sine verdiar er "Trygghet, Nytenkende og Åpenhet." Region vest har ca. 500 tilsette, og regionadministrasjonen sit i Bergen. Region vest administrerar fem fengsel og tre friomsorgskontor, Lyderhorn overgangsbolig og ND-senteret i Bergen. Du vil vere ein viktig og sentral bidragsytar til at eininga vert drifta og utvikla i tråd med dei målsettingane og krava som gjeld for straffegjennomføring og for førebygging av tilbakefall til kriminalitet. Friomsorga i Hordaland har hovudkontor i Bergen og lokalkontor i Odda og på Stord, med til saman 37 stillingsheimlar. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og vi legger vekt på å ha et godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø. Stillinga er lagt til hovudkontoret i Bergen.
Rådgjevar: Ein rådgjevar skal meistre sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving, vedtaksskriving, analyse og utvikling innanfor eit gjeve fagområde. Rådgjevar skal ha evne til å setje seg raskt inn i problemstillingar, utarbeide analysar, formidle analysar, målsetnader og resultat på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- sakshandsaming, journal, vedtak og lignande oppfølging av domfelte som gjennomførar straff i fridom
- utarbeida personundersøkingar til bruk i straffesaker
- innhaldsarbeid som blant anna individuelle samtalar
- leggja tilrette for samarbeid med frivillige aktørar saman med domfelte
- kontrollera at domfelte overheld gjeldane vilkår
Utdanning og erfaring
Du må ha:- sosialfagleg høgskule på minimum bachelornivå til eksempel sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog fagleg tryggheit og evne til å arbeide sjølvstendig god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne erfaring frå relevant sosialfagleg arbeid og sakshandtering evne til å motivere til endring god kjennskap til og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy førarkort klasse B det er ønskjeleg at du har relevant erfaring frå fagfeltet og erfaring frå offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk
- god relasjonell kompetanse
- evne til å planleggje og strukturera ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
- personleg eignadheit vil vektleggas
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- trening i arbeidstid
- kantineordning
- dagtidsstilling med flexitidsordning
- stillinga vert lønna som 1434 rådgjevar mellom kr. 548600- 646000. For særleg kvalifiserte søkarar, kan høgre lønn vurderast
- det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Morten Cornell Jacobsen friomsorgsleiar tlf. 47314378 eller Hilde Stensvoll Neset assisterende friomsorgsleiar tlf 93874949.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig