Produksjonsarbeidar fjørfeslakteri, fast stilling 60%
Me søkjer produksjonsmedarbeidarar i 60% stilling til vårt fjørfeslakteri, til 2 faste stillingar.
Hva vi ser etter
Ynskja kvalifikasjonar
• Erfaring med å jobba fysisk i et miljø med fleire nasjonalitetar
• Erfaring frå produksjonsarbeid, frå næringsmiddelindustrien eller produksjon av fjørfe er ein fordel, men ikkje eit krav
• Erfaring frå produksjon der dyrevelferd, reinsle, hygiene, og mattryggleik er viktig er ein fordel
• Erfaring med dyrehald og fjørferøkting er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlige egenskaper
• Beherska norsk, engelsk eller litauisk, muntleg og skriftleg
• Som søkar må du ha god arbeidsmoral og lika å gje ein innsats i eit hektisk miljø med sesongvariasjonar
• Trivst med fysisk arbeid, og ha god helse
• Pliktoppfyllande, sjølvstendig, punktleg og nøyaktig
• God arbeidskapasitet
• Fleksibel og positiv til å ta ansvar for nye oppgåver
• Positiv haldning og gode samarbedsevner i eit fleirkulturelt miljø
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
• Produksjon og pakking av kylling og kalkun
• Delta i dei oppgåver som krevst i produksjonen, med rullering mellom stasjonar
• Slakting og nedskjæring av kjøt
• Pakking og klargjering av ferdige produkt
Arbeidstid
Me slaktar fast 1 dag i veka, med om lag 2 dagar nedskjæring og pakking i etterkant. I høgsesong (juli, november og desember) slaktar me 2 dagar i veka, og overtid må påreknast i desse periodane. Arbeidsmengd varierar mellom sesongane, men vil være om lag 60-80% på årsbasis.
Faste arbeidsdagar stort sett torsdag, fredag, og mandag jamnt heile året, men også arbeid utover dette ved behov.
Den som blir ansatt må gjennomgå selskapet si HMS- og hygieneopplæring.
Vi tilbyr
Me tilbyr
• Stabilt arbeid i eit positivt og variert miljø
• Oppfølging og moglegheit for personleg og fagleg utvikling
• Gode betingelsar
• Ordna arbeidsforhold
Om bedriften
Homlagarden driv økologisk sertifisert produksjon av kylling og kalkun, der me sjølve står for all drift frå egg til ferdig produkt, inkludert transport og stell, samt produksjon og pakking i vårt eige moderne slakteri og pakkeri. I slakteri og administrasjon er me per i dag 15 faste ansatte, og ein del ekstraarbeidarar me nytter ved behov. Me har fast produksjon av kylling kvar veke gjennom heile året, samt 3 periodar med noko meir aktivitet under kalkunproduksjonen.