Klinisk ernæringsfysiolog
SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 1, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Klinisk ernæringsfysiolog
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 75%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Seksjon for kliniske støttefunksjonar er tverrfagleg samansett, med kliniske ernæringsfysiologar, sosionomar, ergoterapeutar og fysioterapeutar. Arbeidet vårt er hovudsakleg retta mot inneliggande og polikliniske pasientar.
Oppstart 03. mars eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid som ernæringsfysiolog for inneliggande og polikliniske pasientar ved SNR Hjelset
- Rettleiing og undervisning på lærings- og meistringskurs
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
- Er kunnskapsrik og har god fagleg innsikt
- Har gode samarbeidsevner og erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Likar å undervise og formidle kunnskap
- Har høg arbeidskapasitet og evne til å takle ein variert og hektisk kvardag
- Er løysingsorientert og har stor omstillingsevne
- Har gode datakunnskapar (ein fordel, men ikkje eit krav)
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Marie Brune, Seksjonsleiar, marie.brune@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 16450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4913900163
Stillingsprosent: 75%
Vikariat
Startdato: 03.03.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 20.02.2025
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2860800
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c1a9c5cf9df34abd9cfb17f491cc2bdd