Tilkallingsvikar barnehage våren 2020
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Dei kommunale barnehagane i Sogndal kommune er interessert i å kome i kontakt med personar som kan vere tilkallingsvikar,
dvs. ein som barnehagen kan ringje til ved behov for vikar ved tilfeldig fråvær.
I tillegg kan det vere aktuelt å nytte søkjarar som tilkallingsvikarar til kortvarige vikariat.
Det er ynskjeleg at du har erfaring med, kunnskap om og interesse med barn.
Du må vere fleksibel, samarbeidsviljug, reflektert og løysingsorientert.
Ut ifrå personalgruppa si samansetning vert menn oppmoda til å søkje.
Spesielle vilkår for stillinga
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato.
- Politiattest av ny dato.
Viktig å hugse:
Alle søkjarar må skrive mobilnummer i feltet "Telefon/Mobil privat" i den elektroniske søknaden.
Vi tilbyr
- Løn etter avtaleverket.
- Gode pensjonsordningar.
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Karin Johansen , Epost: karin.johanna.johansen@sogndal.kommune.no
Om bedriften
Sogndal kommune ligg ved Sognefjorden i Vestland fylke og har vel 11.700 innbyggjarar. Kommunen er ein tilflyttingskommune og har god vekst i folketalet. Sogndal er regionsenteret i Sogn og skal vera ein motor for vekst og utvikling i regionen. Både studentar og turistar finn vegen hit - og mange har funne draumeplassen i ein kommune med flott natur, gode lokalsamfunn og attraktive arbeidsplassar.