Assistent ultralyd
Radiologisk seksjon FSS, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Assistent ultralyd
Oppstart
8. juli 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Radiologisk seksjon, Førde sentralsjukehus har ledig sommarvikariat som assistent ved ultralyd
- 100% vikariat frå 08.07.2024 - 11.08.2024
Vikariatet høver godt for deg som er nyutdanna eller under utdanning innan helse. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak å koordrinere planlagde polikliniske- og inneliggande pasientar, samt å legge til rette for radiolog ved å førebu pasientar til undersøking. Det er også behov for å assistere radiolog ved biopsiar, intervensjonar eller andre krevjande undersøkingar.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar for
indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk (føde og barsel), øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri.
Radiologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus er ein av tre seksjonar i Radiologisk avdeling Helse
Førde. Dei andre seksjonane er lokalisert ved Nordfjord- og Lærdal sjukehus. I
tillegg har vi ei eining i Florø som utfører konvensjonelle røntgenundersøkingar.
Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg
utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og
mykje humor. Vi tilbyr undersøkingar innan ultralyd, CT, MR, konvensjonell
røntgen, mammografi (klinisk og screening), samt
gjennomlysing/intervensjon/angio.
Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare
Sogn og Fjordane fylke. Førde har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og
Bergen ligg kun ein tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum
med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar,
arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege
moglegheiter. Førde ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og
fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn,
alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og
varierte.
Arbeidsoppgåver
- Logistikk av inneliggande og polikliniske pasientar ved ultralyd
- Tilrettelegging på lab
- Steril oppdekking
- Assistere radiolog ved traume, biopsiar og intervensjonsprosedyrer
- Setje veneflonar ved behov dersom søkjar har kunnskap om dette
Kvalifikasjonar
- Meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
- Det er ønskjeleg at søkjar har bakgrunn og/eller erfaring frå arbeid innan helse
- Søkjar må vere fyllt 18 år
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjons evner
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Initiativrik og handlekraftig
- Evne til å organisere og halde oversikt
Vi tilbyr
- Kjekke og dyktige kollegaer
- Tilpassa opplæring
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Arbeid i IA-bedrift
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, 578 39 616Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4787799261
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 08.07.2024
Sluttdato: 11.08.2024
Søknadsfrist: 14.04.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2608755
- Sist endret
15. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
97d2e773695a4d78925807a2edaf2994