ID 1809 Fagarbeidarar/assistentar - Kommunale barnehagar
For bruksåret 2022/23 kan det bli ledige stillingar i ulike stillingsstorleikar ved kommunale barnehagar som fagarbeider/assistent.
Den/dei som vert tilsett må leggja fram gyldig politiattest, jf. Lov om barnehage av 5. mai 1995 nr. 19, § 20.
Bruk feltet <<kortfatta søknad>> til å setta opp eventuelt ønskje om prioritet av barnehagar.
Løn etter utdanning og kvalifikasjonar og i samsvar meg kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ønskjer å vera unnateken offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast.
Opplysingar om søkjar kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Kontaktinformasjon til kommunale barnehagar:
- Furuly Styrar Trine Hellesfjord Tlf: 53 45 45 95
- Trodlahaugen Styrar Sigfrid Halleraker Tlf: 53 45 43 80
- Sagvåg avd. Nysæter Styrar Irene Nilsen Vinje Tlf: 53 40 33 94
- Sagvåg avd. Tjødnalio Styrar Anita G. Borrevik Tlf: 53 40 33 76
- Skogatufto Styrar Hildebjørg Røssberg Tlf: 53 40 33 80
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.