Sommarvikar som reinhaldar
Fjaler kommune Reinhaldssentralen
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Vi søkjer sommarvikarar til reinhald av kommunale bygg i Dale og Flekke i perioden frå om lag 23. juni til 15. august.
Det er viktig at du oppgjer i søknaden om du kan jobbe heile sommaren eller eventuelt kva perioder som er aktuelle. Søkjarar som kan vikariere i heile ferieperioden kan bli prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Reinhaldsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Fordel dersom du har erfaring frå reinhald
- Søkjarar må ha fylt 16 år
- Søkjarar må kunne kommunisere godt på norsk
- Dei som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og MRSA/tuberkulinattest før tiltreding
Om deg
- Du trivast med reinhaldsoppgåver
- Du er omgjengeleg
- Du kan jobbe sjølvstendig og saman med andre
Vi tilbyr
- Løn etter tariff og lokale lønsføresegner
- Pensjonsopptening i KLP
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Teknisk kontor har 8 tilsette og har ansvaret for arealplanlegging, byggjesaker, kart og oppmåling, kommunale
bygg og drift av veg, vatn og avlaup.
I tillegg ligg tenester innan drift, reinhald og brannvesenet til teknisk kontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2840801
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3448883_173799_nn