Er du vår nye IPS jobbspesialist?
NAV Årstad - regionkontor Bergen
Møllendalsveien 6, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
IPS jobbspesialist region Bergen
Oppstart
1. november 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
1
Vi i IPS Bergen søker ein motivert jobbspesialist med stort pågangsmot, og som vil jobbe i eit pulserande og nyskapande miljø. Har du gode kommunikasjonsferdigheiter og er ein nettverksbyggjar som vil jobbe med rekruttering? Er du ein person som kan vere tydeleg og direkte? Er du energisk og uredd? Då kan du vere akkurat den personen vi leitar etter!
IPS Bergen har ledig ei midlertidig stilling som IPS-jobbspesialist. Individuell jobbstøtte (IPS) er en modell/metode for tett oppfølging av personer med psykiske lidingar som ønsker arbeid, og som har behov for behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å leggje til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, og også behalde og stå i ordinær utdanning og/eller lønna arbeid.
IPS Bergen består av 19 jobbspesialistar som er tilsett i NAV. I tillegg er det jobbspesialistar som er tilsett i Bergen kommune, som også er ein del av fagmiljøet. Vikariatet er knytt til Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) og du vil ha kontorstad der når du ikkje er ute i møter eller på jobbutvikling. Det er stort engasjement i avdelinga og ein er opptatt av nå måla som er sett.
Så blir du motivert av å jobba med menneske, har trua på at alle menneske trass i fysiske eller psykiske utfordringar kan ta utdanning og/eller få og behalda ein vanleg jobb og ønsker å bidra på eit viktig samfunnsområde? Send inn ein søknad i dag!
I søknadsteksten ber vi deg sei noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Jobbe etter IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakarar, behandlarteam, NAV og studiestader/arbeidsgivarar
- Oppsøke utdanningsinstitusjonar og bedrifter, skapa dialog og bygge nettverk
- Vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
- Følge opp eigen portefølje på 20 deltakarar og identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evne, samt matche desse med riktig utdanning/jobbar
- Rettleie jobbsøkarane i søkeprosessen
- Engasjere og motivere både jobbsøkar, studiestadar, arbeidsgivarar, pårørande og andre personar i nettverket rundt deltakar
- Bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og behandlarteamet
- Dokumentere arbeidet i fagsystem
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- erfaring med IPS eller god kjennskap til prinsippa i IPS (erfaring frå Supported Employment kan og vere aktuelt)
Det er ønskeleg at du har:
- kunnskap om utdanningsmoglegheiter, samt lokal og regional arbeidsmarknad
- erfaring frå oppsøkande verksemd og nettverksbygging
- god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar
Vi ser etter deg som
- Er god til å kommunisere med ulike menneske og som skaper gode og trygge relasjonar
- Er god til å motivere og inspirere
- Kan prioritere, har god oversikt over oppgåver og evne til å handtere uventa hendingar
- Trivst med å bli følgd opp på kvalitet og resultat
- Er sjølvgåande med evne til eigenmotivasjon
Vi tilbyr
- Moglegheit til å utgjera ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- Ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- Eit godt fagmiljø med fokus på tenesteutvikling og ambisiøse mål
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Gode og inkluderande kollegaer og godt arbeidsmiljø på eit kontor med høgt tempo
- Trening i arbeidstida
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna vert det trekt 2%)
- Stillingskode 1434 Rådgjevar i lønnsspenn frå kr. 540 500 til kr. 604 900,- per år. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast.
Kontaktinformasjon
Aina Merete Steinsland, Avdelingsleiar, +47 913 64 345, aina.merete.steinsland@nav.noMalin Wolfe Liljegren, Fungerende Metodeveileder, +47 906 21 728, malin.wolfe.liljegren@nav.no
Arbeidsstad
Møllendalsveien 65009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4831581425
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2024
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 12.08.2024
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2688579
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f563b181f7b84203989a62aadf6166b0