Universitetslektor i fransk fagdidaktikk (vikariat)
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Universitetslektor i fransk fagdidaktikk
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. november
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor i fransk fagdidaktikk - Vikariat i 22 % stilling
Velkomen som søkjar til ei ledig 22 % stilling som universitetslektor frå 1. januar til 30. juni 2025 ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB). Den som blir tilsett, skal undervise i fransk fagdidaktikk.
Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette, og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Franskfaget har fem fast tilsette fordelt på disiplinane litteratur, kulturkunnskap/historie, språk og fagdidaktikk.
Undervisningstilbodet strekkjer seg frå innføringsnivå til masterstudium.
Arbeidsoppgåver:
Den som blir tilsett, skal undervise i fransk fagdidaktikk i lektorutdanninga og PPU. Undervisninga vil femne om førelesingar, seminarundervisning, praksisbesøk (skulebesøk), emneansvar, vurdering av oppgåver/obligatoriske aktivitetar og vurdering av eksamen (sensur).
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Den som blir tilsett i stillinga, må ha norsk mastergrad eller tilsvarande kompetanse i fransk, helst med fagdidaktisk profil.
- Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande.
- Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg fransk.
- Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk.
- Erfaring frå å undervise i fransk som framandspråk på ulike nivå og kjennskap til undervisninga i faget i skuleverket.
- Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga.
- Gode samarbeidsevner og vilje til lagarbeid.
Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Løn etter lønssteg 61-65 (kode 1009) i Statens regulativ. For tida svarar dette til mellom 594 500,- og 635 400,- kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Gode velferdsordningar
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».
Dette må følgje søknaden:
- Søknadsbrev.
- CV.
- Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).
- Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar).
- Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding for eiga undervisning.
- Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar).
- Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.
Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Vi gjer oppmerksam på at søknadene vert vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagkoordinator professor Margery Vibe Skagen, på telefon 55 58 25 30 eller e-post: margery.skagen@uib.no, eller til førsteamanuensis Myriam Coco (fagdidaktikk) på telefon 55 58 30 04 eller e-post myriam.coco@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig