Fagleiar dagavdelinga, Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Vindafjord kommune
Ølen Omsorgssenter
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Me søkjer:
Fagleiar for dagavdelinga v/Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter i 93,80% fast stilling.
Tiltreding etter avtale.
Hovudarbeidsoppgåver
- Hovedansvar for planlegging og gjennomføring og drift av dagsentra.
- Personal og økonomi ansvar for avdelinga
- Planlegging og tilrettelegging av aktivitetar slik at brukarane motiverast og stimulerast til eigeninnsats ut i frå egne behov, ressursar og ynskjer.
- Avdelinga har fokus på reformen "Leva heile livet" og arbeider ut i frå kva er viktig for deg?
- Pådrivar, kreativ og evne til å finna aktivitetar tilpassa brukarane.
- Mål er at fleire kan bu lengst mogleg i eigen heim.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning på høgskulenivå.
- Aktivitør med fagbrev og relevant erfaring kan bli vurdert.
Andre opplysningar
Det må påreknast oppmøtestad ved både Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet.
Ved arbeid i barnehage, skule, SFO og einingane helse og omsorg, barnevern- og tilrettelagde tenester skal det og leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Ta kontakt med helsesjukepleiar viss du er i tvil. I tillegg skal personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som er serviceinnstilt og som liker utfordringar og du er:
- Sosial, kreativ, utadvent og positiv
- Kan jobba sjølvstendig og ta ansvar
- Flink til å organisera, løysningsorientert og god på samarbeid
- Gode norskkunnskap og kommunikasjonsferdigheter både munnleg og skriftleg.
- Har pågangsmot, evne til endring og nytenking
- Strukturert
- Interesse for ulike aktiviteter, glad i song og musikk
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Me kan tilby
- Variert arbeid i positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Tilsetjing på vanlege vilkår
- Fra løna vert trekt 2 % innskot til pensjonsordning
- Kommunalt kor, KORe' Vindafjord www.korevindafjord.no
Lønsvilkår
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Søknad sendes
Vindafjord kommune tek berre mot elektroniske søknadar. Du kan laste opp vitnemål og attestar som vedlegg i .pdf-format. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søkje.
Du kan komme med på offentleg søkjarliste sjølv om du har bede om unntak. Me tek kontakt før eventuell offentleggjering.
Om bedriften
Ølen omsorgssenter er plassert i Ølen. Omsorgssenteret har ansvar for drift av produksjonskjøkken, dagsenter, somatisk langtidsavdeling, korttid/rehabiliteringsavdeling, inkludert palliativ seng med totalt 30 institusjonsplasser. Heimetenesta for heile kommunen delt på indre og ytre sone, indre sone har kontor ved Ølen omsorgssenter og ytresone har kontor ved Vindafjordtunet. Kvar avdeling/ sone vert administrert av kvar sin avdelingssjukepleiar. Sonene har teamsjukepleiar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. Fysio/ergo har og sine kontor/treningssenter på omsorgssenteret. Me som jobbe på Ølen omsorgssenter har fokus på kvalitet på våre tenester og at våre bebuarar/brukarar skal ha brukarmedverknad og leva heile livet.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1697116
- Sist endret
2. september 2021
- Hentet fra
Vindafjord kommune
- Referanse
visma.vindafjord.kommune.no/recruitment/opening?0?915