Dette er din annonse
Er du vår nye spesialetterforskar innan økonomi- og miljøkriminalitet? - Politiet, Møre og Romsdal pd
Politiet, Møre og Romsdal pd
Molde
Om jobben
Stillingstittel
Rådgiver (økonomi og samfunnsvitenskap, offentlig administrasjon)
Type ansettelse
Vikariat, heltid
Antall stillinger
1
Vi har ledig eit spennande vikariat som spesialetterforskar i Møre og Romsdal politidistrikt med varigheit til 31.12.2019.
Vi søkjer deg som er strukturert, analytisk og initativrik. Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i gruppe.
Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking består av Seksjon for Statens barnehus, Seksjon for etterretning og analyse, Seksjon for førebygging og Seksjon for etterforsking. Stillinga er for tida organisert ved Seksjon for etterforsking ved Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet. Avsnittet har lokasjonar i Ålesund og Molde. Denne stillinga har arbeidsstad i Molde.
Avsnittet består av avsnittsleiar og seks medarbeidarar med tverrfagleg bakgrunn som politi og/eller utdanning innan økonomi. Avsnittet er samlokalisert med to politijuristar og ein bistandsrevisor frå Skatteetaten.
Avsnittet etterforskar alvorleg økonomi- og miljøkriminalitet. I tillegg bistår avsnittet i andre saker med finansiell etterforsking. Avsnittet har fagansvar for arbeid med å bekjempe arbeidslivskriminalitet. Dette arbeidet gjerast i samarbeid med andre etatar. I stillinga som spesialetterforskar er det viktig å etablere eit godt samarbeid med andre einingar i politidistriktet.
Som spesialetterforskar skal ein bidra aktivt i etterforskinga av prioriterte saker som er tillagt avsnittet. Ein skal bistå med analyser og systematisering av innhenta tallmateriale til bruk i etterforskinga av straffesaker. Det er viktig at ein har fokus på å oppnå gode resultat i samhandling med andre. Arbeidspresset er i periodar høgt og det arbeidast med krevande og komplekse straffesaker.
Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden elektronisk. Originalt vitnemål skal takast med til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Etterforsking av kompliserte og alvorlege straffesaker
- Utarbeide økonomiske analysar
- Identifisere og sikre verdiar
- Planlegge etterforskingsskritt
- Bistå ved hovudforhandlingar i retten
- Medverke til at resultatmål blir oppnådd gjennom etterforsking av eigne saker
- Halde seg oppdatert på gjeldande lovverk innan fagfeltet
- Intern opplæring og kompetansebygging
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
- Nødvendige kvalifikasjonar:
- Utdanning innan revisjon- eller økonomi på høgskule- eller universitetsnivå
- Lengre relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Minimum 4-5 års arbeidserfaring frå fagfeltet i politiet eller frå annan offentleg/privat kontroll/tilsynsverksemde
- Kompetanse og erfaring innan rekneskap og/eller revisjon
- God kjennskap til lovverket innan gjeldande ansvarsområde
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- God kunnskap om IKT som arbeidsverktøy
- Ønskelege kvalifikasjonar:
- Vidareutdanning frå Politihøyskulen innan finansiell etterforsking
- Kompetanse og erfaring i bruk av politiets etterforskingsmetodar
- Erfaring frå prosjekt- og gruppearbeid
- Kunnskap i bruk av politiets datasystem
Utdanningsretning
- Økonomi
Personlege Eigenskapar
- Du er strukturert, analytisk og initiativrik
- Du har evne til arbeide sjølvstendig og i gruppe
- Du er positiv, løysingsorientert og opptatt av å skape resultat i samhandling med andre
- Du er fagleg engasjert og flink til å sjå moglegheiter
- Du har gode kommunikasjonsevner og flink på relasjonsbygging
- Motivasjon og personleg eignaheit vektleggast
Språk
- Norsk
- Engelsk
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas politi.
- Vikariat som spesialetterforskar (stillingskode 1552) i Møre og Romsdal politidistrikt med varigheit til 31.12.2019.
- Løn frå kroner 505 000. Endeleg lønnsplassering er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet.
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste.
- Tilsetting etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og tilknytta bedriftshelseteneste.
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Tony André Gjerde, Seksjonsleiar, 70118883
Linn Erstad, Fungerande avsnittsleiar, 47474273
Arbeidsstad
Molde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Møre og Romsdal pd
Ref. nr.:201900639
Stillingsbrøk: 100%
Engasjement, Vikar
Sluttdato: 31.12.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 05.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4024353858&company_id=3586302469&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Møre og Romsdal politidistrikt har 266 000 innbyggjarar i 36 kommuner. Politidistriktet har om lag 550 medarbeidarar, i tillegg har distrikt årleg mellom 40-50 politistudentar i praksis frå Politihøgskulen. Møre og Romsdal politidistrikt skal som statleg arbeidsgjevar utnytte breidda i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Difor oppmodar vi alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, bakgrunn, alder, kjønn, arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Til leiarstillingar oppmodar vi særskilt kvinner om å søkje.
Våre medarbeidarar kjenneteiknast av å være modig, heilskapsorientert, være tett på og syne respekt.
Etter at søknadsfristen har gått ut, blir det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, noverande stilling og bustadkommune. Det kan gjerast unntak for innsyn om ein søkjar ber om det. Dersom førespurnaden ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Det er krav om plettfri vandel for alle tilsette i politiet. Før tilsetting må ein legge fram utvida og uttømande politiattest, jf politiregisterlova § 41 og politilova § 18.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
265570
- Sist endret
6. mars 2019
- Hentet fra
Overført fra arbeidsgiver
- Referanse
9989803