Sakshandsamar ved helse og omsorg
Aurland kommune
Aurland omsorgssenter, Skjerdalsvegen 32, 5745 Aurland
Om jobben
Stillingstittel
Sakshandsamar ved helse og omsorg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Me ha ledig 100% fast stilling som sakshandsamar ved helse og omsorg frå 01.01.25.
Stillinga er organisert i kommunalområde helse og omsorg, under stabstenester i forvaltning og tildeling.
Dei andre avdelingane i dette kommunalområdet er bu og miljø, institusjonstenester og heimetenester.
Hovedoppgåva i denne stillinga er å fatte vedtak om tenester etter helse og omsorgstenestelova. Du kjem til å handsame søknader om behov for helse og omsorgstenester frå 0 - 100+ år, og du vil ha tett samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg.
Aurland kommune har i kommuneplanen sin samfunnsdel mål om at innbyggjarane har moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Du vil vere med å bidra til å nå dette målet, og utvikle målretta tenester etter behova til innbyggarane, ressursar og eigenmeistring.
Kommunen satsar på velferdsteknologi og vi søker deg som er opptatt av kvalitet, er nytenkande og kreativ. Målet vårt er å utvikle gode og berekraftige tenester. Kommunen nyttar i dag Visma Profil og Elements som sakshandsamingssystem, og samhandlingsverktøyet Visma Flyt Samspill som plattform for samhandling kring individuell plan. Sakshandsamar vil ha ei nøkkelrolle i prosessar der kommunen skal vidareutvikle systema som er viktige for forvaltning og tildeling, og du må difor trivast med utviklings- og prosjektarbeid.
Arbeids- og ansvarsområde
- sakshandsame søknader og førespurnadar om kommunale helse- og omsorgstenester. Dette inneber å ta avgjerd om tildeling / avslag på kommunale tenester etter gjeldande lov, forskrift, rutinar og rettleiingar
- handsaming av vederlag for opphald ved institusjon
- sikre rettane til pasientar og brukarar i sakshandsaminga
- samarbeid med koordinerande einingar og handsame søknader om individuellplan og koordinator
- delta i kartlegging, ta avgjerd og tildele tenester for å sikre behovet til innbyggarane
- arbeide med prisar og gebyr
- ha oversikt over behov og tilgang til dei ulike tenestene
- samarbeid i samband med sakshandsaming
- gje råd og rettleiing til innbyggarane
- bidra til tenesteutvikling og gode pasientforløp
- kvalitetsforbedringsarbeid, utarbeide prosedyrer, oppdatere tildelingskriteria og heimesida til kommunen for fagområdet
- sakshandsame klager
- opplæring av kollegaer innan fagfeltet
- legge fram saker til politisk handsaming
- systemadministrator for Visma Profil og Visma Flyt Samspill
- prosess- og utviklingsarbeid
- andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- fleksitidsordning
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
- hjelp til å skaffe bustad
- hjelp til å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Kvalifikasjonar
- minimum tre - årig helse og sosialfagleg, pedagogisk, juridisk eller anna relevant høgare utdanning frå universitet / høgskule
- vidareutdanning innanfor helserett, forvaltningsrett er ein fordel
- erfaring med sakshandsaming og anna arbeid innan helse og omsorg er ein fordel
I tillegg ynskjer me at du:
- har vilje til kompetanseheving, delta på kurs og opplæring
- har gode digitale og skriftlege ferdigheiter
- har kjennskap til helse- og omsorgstenester som omsorgsstønad, brukarstyrt personleg assistanse (BPA) og praktisk bistand og opplæring
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du:
- er strukturert, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner
- har evne til å sjå ressursane og moglegheitane til brukarane
- har gjennomføringskraft og evne til å ta avgjerd i komplekse problemstillingar
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- politiattest etter helse- og omsorgstenestelova må leverast før du byrjar i stillinga
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted