Helsefagarbeidar i heimesjukepleia
Tysnes kommune
5680 Tysnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidarar i heimetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 12. desember
I heimetenesta er me med på å sikre gode, heilskaplege og trygge tenester til pasientar og brukarar i deira eigen heim.
I takt med utviklinga i samfunnet aukar kompleksiteten og behov i heimane til innbyggarane våre. Det gir ein unik mogelegheit til å bruke fagkompetanse og tileigne seg god erfaring. Oppgåvene du vert tildelt vert tilpassa erfaring og kompetanse. Me ivareteke basale pleiebehov og utfører prosedyrar. Me følgjer opp pasientane i ein stabil kvardag og me fangar opp akuttsituasjonar og endringar i tilstand.
Hos oss har me eit godt arbeidsmiljø der latteren sit laust og me hjelper kvarandre.
No søkjer me etter ein ny kollega til heimesjukepleia, i fast 100 % stilling.
Stillinga går i to-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Utføre dagleg omsorg og pleie til brukarane i samsvar med din kompetanse og etter planlagde tiltak.
- Følgje opp planlagde tiltak og målsetjingar for den enkelt brukar.
- Utføre særlege oppgåver, til dømes legemiddelhandtering, etter opplæring og skriftlege prosedyrar.
- Journalføring og medverke til utarbeiding/endring av pleieplanar.
- Bidra til utvikling av tenesta og eit godt arbeidsmiljø.
- Som heimehjelpar yt du også praktisk bistand, som reinhald og handling.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev helsefagarbeidar.
- Andre relevante kompetanse kan vurderast særskild.
- Relevant erfaring og kjennskap med brukargruppa er positivt.
- Tverrfagleg forståing - saman yt me best teneste!
- Førarkort kl. B.
- Gode grunnleggjande datakunnskap.
- God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg.
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Dersom kommunen ikkje lukkast å rekruttere helsefagarbeidar, kan ein vurdere å tilsetje assistent under føresetnad av oppstart på kvalifiseringsløp mot fagbrev.
Personlege eigenskapar
- Positiv, fleksibel og løysingsfokusert.
- Fagleg engasjert, ansvarleg og har evne til etisk refleksjon.
- Vere strukturert og god evne til å arbeide sjølvstendig.
- Evne til å takle utfordringar og finne gode løysingar.
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid med kollegaer.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter.
- Personlege eigenskapar for stillinga vert tillagt stor vekt.
Me tilbyr
- Arbeid i to-delt turnus, kvar 3. helg.
- Høgt fagleg nivå i personalgruppa.
- Utfordrande, hektisk og lærerik arbeid i eit godt arbeidsmiljø.
- God opplæring og fokus på fagleg kvalitet.
- Løn etter kommunalt regulativ.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
- Ein inkluderande arbeidsplass, med gode rutinar for oppfølging og tilgong til bedriftshelseteneste.
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Margrete Klemmetsby, Einingsleiar open omsorg, 95 70 95 13Hilde Marie Flakke, Kons. kommunlsjef helse og omsorg, 99 36 36 46
Arbeidsstad
5680 Tysnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommuneReferansenr.: 4887243262
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Marie Flakke
Kons. kommunlsjef helse og omsorg
99 36 36 46
Margrete Klemmetsby
Einingsleiar open omsorg
95 70 95 13
Om bedriften
Draumen om livet på landet, finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt øykommune sør for Bergen, og om du spør oss: verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skapa gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å leva og bu i.
Tysnes er ein hjarteforma kommune nord i Sunnhordland. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen har å tilby.
Me har flotte badeplassar og skianlegg på fjellet, frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, med gode moglegheiter for friluftsliv.
Eit rikt lags- og organisasjonsliv gjer eit variert fritidstilbod til både vaksne og unge. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologiske smaksopplevingar. Øya byr på eit riktig kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som den største.
Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2798945
- Hentet fra
talentech
- Referanse
96bda69ab9b34548bca0a4386f781fe5