Prosjektstilling i rektor sitt leiarteam
Fedje kommune
Stormarkvegen 55, 5947 Fedje
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektstilling i rektor sitt leiarteam
Type ansettelse
Prosjekt, heltid
Arbeidstid
Søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vi søker etter deg som kan vere med å vidareutvikle skulen vår i samarbeid med leiargruppa, dei tilsette, elevar og føresette.
Inneverande skuleår har me fokus på lesestrategiar og styrking av leseferdigheiter i elevgruppa. Komande skuleår skal me gjere nokre praktiske grep i møte med timeplan og organisering av opplæringstilbodet, som krev ei klarare organisering av leiarkompetansen i skulen. Ved å få tilsett ein ass.rektor i inntil 80% stilling, eller to avdelingsleiarar i inn 40% stilling så kan skulen få ei skuleleiing som kan bidra til å drive skuleutviklinga framover. Me vil gjerne ha kontakt med deg som kan tenke deg å bidra i eit slik prosjekt. Du vil arbeide tett saman med rektor og øvrig leiarteam. Stillinga er skissa som ei «prosjektstilling» i utprøvingsåret 2024/2025, men delar eller heile stillinga kan verte fast om skulen landar på å halde fram organiseringa etter prosjektet er avslutta.
Fedje skule har i tillegg eit tett samarbeid med barnehagen i kommunen gjennom arbeid med prosjektet «inkluderande barnehage og skulemiljø». Her er det eit ubrukt potensiale i å få betra overgangane for både tilsette og dei komande skuleelevane, og vi ynskjer å sikre det gode arbeidet som vert gjort ved Fedje barnehage og Fedje skule ved å arbeida meir systemisk med desse to organisasjonane framover.
Arbeidsoppgåver
- Utgjere ein del av skulen sitt leiarteam
- Leiarteamet arbeider tett saman om skuledrifta
- Ansvar for å følge opp undervisning og eleven si læring
- Dagleg drift av skulen
- Rettleie tilsette
- Ivareta samarbeid mellom skule-heim og samarbeidande instansar
- Ha delansvar for skulen sitt heiltheitlege utviklingsarbeid
- Undervisning i delar av stillinga kan verte aktuelt
- Kombinasjon med andre funksjonar og/eller ansvarsområder kan verte aktuelt
Kvalifikasjonskrav
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning er ønskeleg
- Pedagogisk utdanning og erfaring er forventa (Oppll. §14)
- God relasjonskompetanse
- God digital kompetanse, og evnar å tilegne deg ny kompetanse her relativt raskt
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg. Tenestespråket i Fedje kommune er nynorsk
Personlege eigenskapar
- Du har eit tydeleg engasjement for god kvalitet og organisering av skulekvardagen
- Evne til å ta initiativ og bygge gode relasjonar
- Har eit positivt elevsyn og evne til å vise omsorg og gje tryggleik
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har gode kommunikasjonsferdigheiter
- Du trivast med teamarbeid og er ein god bidragsytar i teamet
- Du tåler godt å stå i utfordringar, og du har stor arbeidskapasitet
- Positiv og løysingsorientert
- Godt humør
- Strukturert og målretta
- Dine personlege eigenskapar vil verte vektlagt i rekrutteringsprosessen
Me tilbyr
- Du vil bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, som tek godt imot nytilsette.
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Tilgang til symjehall og fleirbrukshall
- Gratis barnehage og/eller SFO for dei som treng det
- Hjelp til å skaffe bustad
- Ei av Norges beste pensjonsordningar i SPK
- Velkommen til oss!
Fedje - landsbyen i havet
To timar med bil frå Bergen finn du Fedje, landsbyen i havet.
Om bedriften
FEDJE er ein liten øykommune ved ytste vestkyst av Hordaland. Det er i underkant av 550 fastbuande på øya. Fedje vert kalla «Landsbyen i havet» grunna folk bur tett i tett kring hamna i nord.
Fedje er rik på historie og naturopplevingar.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2625360
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10206708