Miljøterapeut
Har du lyst å bli med og forme skular som verkeleg blir satsa på? I så fall har du sjansen no!
Byglandsskulane har stort fokus på utandørs læring og aktivitetar; her blir både fjord og fjell nytta fullt ut. Andre stikkord er høg kompetanse på dysleksi; lesing og skriving og ikkje minst inkluderande undervising er også høgt prioritert.Som ein del av lærarlaget får du høve til å både jobbe sjølvstendig og saman med andre. Dei tilsette arbeider stort sett i team fordelt på barneskulen, mellomtrinnet og ungdomsskulen. Bygland skule (1. – 10. klasse) har nesten 80 elevar, og Byglandsfjord skule (1. – 7. klasse) har over 50 elevar. Ved begge skulane er det moderne fasilitetar med storbrukshall.
Det overordna målet vårt er at både elevane og dei tilsette skal ha meiningsfull dagar, der kvar enkelt er ein viktig del av fellesskapet. Byglandsskulane har eit godt arbeidsmiljø, og no kan du bli med på dette laget.
Vi har nå to nyoppretta stillingar som miljøterapeut på begge skulane. I utgangspunktet skal dei fordelas på kvar skule, men skal utgjør et team i sammartbeid med rektorane.
Vi tilbyr
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Høve til å vere tett på den einskilde elev og til å gjere ein stor forskjell og høve til å vere med på spennande pedagogisk utviklingsarbeid
- Eit godt og inkluderandre arbeidsmiljø.
- Flotte uteområde med kort veg til fjord og fjell.
- Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse og KLP, samt god personal- og skadeforsikringsordning.
- Lønn iht. gjeldane tariff.
- Det kan tilstås pedlertillegg for kandidatar som vil ha lang reiseveg, etter ein konkret vurdering.
For tilsetting i skulen er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før tilsetting trer ikraft (jf. Opplæringsloven §10-9, og forskrift til opplæringslova kap15.).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).
Arbeidsoppgaver
- Deltar i planleggingsarbeid, samarbeidsmøte og personalmøte, ansvarsgruppemøte og kursverksemd etter avtale og plan
- Planlegge og evaluere eige arbeid
- Samarbeide med lærarar, skuleleiing, skulehelseteneste og andre fagpersonar, for å sikre heilskapleg oppfølging av elevane
- Bidra til å bygge ein robust skulekultur der ein fremmar trivsel, samarbeid og sosial kompetanse
- Skule/heim-samarbeid
- SFO
Kvalifikasjoner
- Universites/høgskule utdanningen innan helsefag eller pedagogiske fag t.d. Vernepleiar, Sosionom, Barnevernspedagog, Sjukepleiar, Barnehagelærar
- Lang erfaring innen miljøarbeid og arbeid med barn, kan etter en konkret vurdering veie opp for
kvalifikasjonskravet. - Ønskeleg med erfaring med barneverns- og institusjonsarbeid.
- Ønskeleg med erfaring med terapeutisk meistring av vald.
- Kjennskap til traumemedviten omsorg er ein føremon.
Personlige egenskaper
- Evne til å forstå, og ta omsyn til, elevane sine ulike behov og bakgrunnar, er avgjerande for å skape eit inkluderande læringsmiljø.
- Evne til å handtere utfordringar med tolmod og ro, og skape ei trygg og inkluderande atmosfære der elevane kjenner seg sett og respektert.
- Evne til å sjå behova til barn bak åtferda
- Evne til å kommunisere med, og bygge relasjon til barn
- Vere inkluderande
- God til å samarbeide, samstundes som ein må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
Fleksibel og løysingsorientert - Personleg eignethet blir tillagt stor vekt.
Kontaktinformasjon
Linda Hemmestad Dale, Rektor, +4741302416, linda.dale@bygland.kommunne.noLene Fjerdingstad, Rektor, +4797506414
Arbeidssted
Sentrum 184745 Bygland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bygland KommuneReferansenr.: 4782705112
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2024
Om bedriften
Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.