Stipendiat i informasjonsteori/kodeteori
Jobbnorge ID: 171924
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXY
Stipendiat i informasjonsteori/kodeteori
Ved Institutt for informatikker det ledig ei stilling som stipendiat i informasjonsteori. Stillinga er for ein åremålsperiode fire år.
Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet.
Arbeidsstaden for stillinga er forskingssenteret Simula UiB ASog er knytt til seksjon for informasjonsteori ved Simula UiB
Simula UiB er eit forskingssenter eid av Simula Research Laboratory og Universitetet I Bergen. Føremålet til Simula UiB er å auke tryggleiksekspertisen i Noreg gjennom forsking og utdanning. Kandidaten som vert tilsett vil bruke avanserte informasjonsteoretiske og kodeteoretiske verktøy til å lage nye sikkerheits- og personvernsløysninger og utlede grunnleggande ytelsesgrenser for slike løysinger for bruk i fremtidens distribuerte informasjonssystem. Distribuerte informasjonssystem inkluderer, men er ikkje begrensa til distribuerte lagringssystem og distribuerte beregningssystem.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i elektroteknikk, informatikk, informasjonsteknologi eller matematikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 15.08.2019. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Vi forvent at søkjaren har god matematisk kunnskap i sannsynlighetsteori og lineær algebra.
- Solid forståelse av informasjonsteori og/eller algebraisk kodeteori er eit krav.
- Erfaring eller forskingsarbeid frå distribuert lagring/distribuert berekning/privat informasjonsinnhenting/''multi-party'' berekning/alder av informasjon/kodebasert kryptografi/maskinlæring er ein føremon.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er oppgåver retta mot undervisning, formidling og rekruttering. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Omtale av rutinar for tilsetting og opptak til forskarutdanning vedteke av dei einskilde fakulteta
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 479 600 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
- relevante attestar
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan 11.07.2019
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Eirik Rosnes, tlf +47 91711252, epost: eirikrosnes@simula.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.