Lærling i energioperatørfaget, kraftverksgruppe Sogn
Region Midt-Norge har ansvar for Statkrafts produksjon i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Finnmark. Regionen har 4 kraftverksgrupper, og kraftverksgruppe Sogn har ansvar for kraftverka i Jostedal, Vik og Høyanger, og er organisert i 3 vedlikehaldsgrupper. Vedlikehaldsgruppe Vik har 9 medarbeidarar.
Vi søkjer fortrinnsvis etter person med skulebakgrunn frå Vg2 elenergi. Personlege eigenskapar er viktige, og me vektlegg at du er ansvarsmedviten og omgjengeleg.
Oppmøtestad vert vedlikehaldsgruppe Vik
Kva du kan forvente som lærling i Statkraft:
- Kvalitet i fagopplæringa og eit godt læringsmiljø i eit konsern i sterk vekst
- Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvarskjensle og nyskaping
- Mangfald med hensyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn
- Konkurransedyktige vilkår og gode velferdsordningar
Om bedriften
Statkraft er eit leiande internasjonalt selskap innan vasskraft og den største leverandøren av fornybar energi i Europa. Konsernet produserer vasskraft, vindkraft, solkraft og gasskraft og leverer fjernvarme. Statkraft er ein global marknadsaktør innan energihandel og har 4000 tilsette i 16 land.