Fôringsoperatør
TUBILAH AS
Bremnes
Om jobben
Stillingstittel
Fôringsoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vi søkjer fôringsoperatør til våre lokalitetar.
Vi står framfor ei kraftig oppbygging i Tubilah AS, og skal i gong med eit nytt og spanande fôringsprosjekt. Har du lyst å vera med på laget?
Fôringsoperatør til avdeling BømloVi søkjer etter deg som:
- likar å jobba med fisk og har interesse for fôring
- er systematisk og likar å arbeide via skjerm og styringssystem
- er imøtekommande og samhandlar godt med folk
- er tålmodig og nøyaktig
- er nysgjerrig og likar å tenkje nytt
- er ein god kollega
Arbeidsoppgåver:
- kontroll og overvaking av fôring og produksjon frå fôringssentral
- god kommunikasjon og samhandling mellom lokalitetar og administrasjon
- fôrlogistikk
- sikra og bidra til utvikling av gode fôringsmetodar
- fortløpande rapportering og oppfølging av forproduksjon og produksjonsdata
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- erfaring og forståing for produksjon og fôring er ein fordel
- gode datakunnskapar og vilje til å læra nye system
- har fokus på resultat og forbetringar
- utdanning eller erfaring frå havbruksnæringa er ein fordel
Vi kan tilby:
- moglegheit til å påverka og bidra inn i eit nytt prosjekt
- personleg og fagleg utvikling
- kjekke kollegaer (det må du også vera 😊)
Ta kontakt med avdelingsleiar Jan Arne Brekke, tlf 90 10 48 02 for meir informasjon. Tiltreding etter avtale.
Om bedriften
Tubilah AS er ein leiande produsent av oppdrettskveite i Noreg og har etablert seg som ein innovativ aktør i bransjen. Med utvikling av ny teknologi for produksjon i lukka anlegg, har vi to landbaserte tilvekstanlegg i Sogn og eit sjøanlegg på Bømlo.
Vi er i ein spanande vekstfase med ambisjonar om å levera 2 000 tonn kveite innan 2028. Dette krev ei styrka biomasse, fleire konsesjonar, og nye lokalitetar, i tillegg til engasjerte og dyktige kollegaer som vil vera med på denne reisa mot framtida.
Sektor
Privat
Nettsted