Faste helgestillingar
Korttid/rehabilitering
Leirdalen 25, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faste helgestillinger
Type ansettelse
Fast, deltid 19%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Er du oppteken av god individretta pleie?
Me søkjer deg med helsefagleg utdanning eller deg som er student i helsefag (helsefag, sjukepleiar, vernepleiar etc) som er interessert i fast helgestilling hos oss på Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter (BBH). Me har to helgestillingar ledige:
- 1) Langvaktshelg: 17% langvakt lørdag og søndag (08.00 - 20:30) med arbeid kvar 4 helg.
- 2) 19 % stilling med arbeid kvar 3 helg (Fredag -Lørdag og Søndag).
Oppstart etter avtale.
KOR er ein spanande avdeling som per i dag har 11 korttidsplassar og 5 rehabiliteringsplassar, der eit av romma er øyremerka palliasjon. Pasientane kjem til avdelinga anten frå sjukehus eller heimen, og er inne på kortare eller lengre opphald. KOR er ei aktiv avdeling med høg faglig kompetanse og det er stor variasjon i pasientgruppa. Me har tverrfagleg samarbeid med lege, heimeteneste, tenestekontor, samt ergo- fysioterapitenesta.
Høyres dette spanande og relevant ut for deg? Då ser me fram til å motta din søknad!
Arbeidsoppgåver
Du vil arbeide med fagleg dyktige kollegaer og gi individretta pleie og behandling tilpassa kvar pasient. Arbeidet inkludera aktiv rehabilitering, dokumentasjon i journalsystem, og rutinearbeid på avdelinga (kjøkken, skylleromsarbeid, etc.).
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg at du har eller er under helsefagleg utdanning (helsefag, sjukepleiar, vernepleier etc.).
- Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid.
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Kommuniserer godt og samarbeider effektivt.
- Er sjølvstendig og finn løysingar.
- Er engasjert og tilpassingsdyktig.
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og er ein lagspelar.
Ved vurdering av dei best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Eit levande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling saman med engasjerte medarbeidarar.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Isabel Knutsen, avdelingssjukepleiar KOR.
Kontaktinformasjon
Isabel Knutsen, 909 34 641Arbeidsstad
Leirdalen 255430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4922455024
Stillingsprosent: 19%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Isabel Knutsen
909 34 641
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2863197
- Hentet fra
talentech
- Referanse
10f11d2802b14d45b65b854416ddf152