Lærarstillingar - 3 stk.
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Arbeidsstad
Vaksenopplæringa (VO) arbeidar med norskundervisning og spesialundervisning til vaksne. Skulen har rundt 35-40 deltakarar frå mange ulike land. VO samarbeidar med Nav Austevoll og flyktningtenesta om deltakarar som er i introduksjonsprogram. Vaksenopplæringa er plassert midt på Storebø, i nærleiken av Storebø skule. VO har også eit lokale ved Austevoll ASV. Skulen har norskkurs både på dagtid og kveldstid. Vo er oppteken av god kompetanse, brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid. Eininga har eit godt arbeidsmiljø.
3 faste 100% stillingar er ledige frå perioden 01.08.2020.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- undervisning
- kontaktlærarfunksjon
Kvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning med 60 stp i norsk
- norsk som andrespråk
- lærarutdanning med spesialpedagogikk
- ønskeleg med relevant erfaring med opplæring av vaksne
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med godkjent lærarutdanning, kan det vere aktuelt å tilsette kandidatar med annan relevant kompetanse og erfaring innan arbeidsfeltet.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kr pr år, kontaktlærartillegget er kr 24 000 kr pr år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!