Tannlege
Måløy tannklinikk, Vestland fylkeskommune
Gate 1 59, 6700 Måløy, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannlege
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 15. januar
Vestland tannhelseteneste - Måløy tannklinikk har ledig ei 100% fast stilling som tannlege med startdato etter avtale. Til stillinga ligg der mogelegheit for ambulering til Selje og Bremanger ved behov, med gode økonomiske vilkår. Vi tilby lønn etter avtale med ei minstelønn på 620 000 kr og eit rekrutteringstillegg på 30 000 kr årleg til denne stillinga, dvs. at minstelønn er 650 000 kr.
Måløy er ein kystby i Kinn kommune med rundt 3200 innbyggjarar. Her har du nærleik til både fjord- og fjellaktivitetar, med fantastisk utsikt! Du kan oppleve attraksjonar som Kannesteinen, Refviksanden i nærmiljøet ditt, og besøke eit av dei mange fyra rundt Vågsøy. Måløy er stoppestad for Hurtigruta, og det er hurtigbåtforbindelse to gongar dagleg til Bergen. Det er gode turmogelegheiter i området, og fleire gode idretts- og fritidstilbod og treningssenter i Måløy. Det er ca. 45 min. til skianlegg og 45 min. til surfing i Hoddevika.
Måløy tannklinikk er ein klinikk med 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø, og gode mogelegheiter for fagleg utvikling med pasientar i alle aldrar.
Opplev MåløyKinn kommuneKvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste
Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.
Vi tilbyr
- ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
- lønn etter avtale med ei minstelønn på 620 000 kr
- rekrutteringstillegg på 30 000 kr årleg
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
- mogelegheit for ambulering med gode økonomiske vilkår
Andre opplysningar
Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010Arbeidsstad
Gate 1 596700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4868776086
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabet Skrede
områdeleiar tannhelse
57638010
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2765691
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0888c3270f164942b25f347c69e7225a