Vikariat undervisningsstilling helse- og oppvekstfag
Surnadal vidaregåande skole har skoleåret 2023-2024 ledig vikariat på inntil 80% som lærar i helse- og oppvekstfag.Det kan også bli aktuelt med opplæring for elevar med særskilte behov i delar av vikariatet.
Vi søker deg som
- har yrkesfaglærarutdanning innafor helse- og oppvekstfag, eller
- har anna relevant utdanning
- er omgjengeleg, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- har evne til å bygge gode relasjonar til elevar og mellom elevane
Vi tilbyr
" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter tariff
Om bedriften
Surnadal vidaregåande skole ligg fint til på Øye i Surnadal, om lag 1 km frå kommunesenteret Skei. Skolen er ein kombinert skole med både studieførebuande og yrkesfaglege studieprogram. Skolen har lyse og fine lokale i god stand. Det er idrettshall, kunstgrasbane, friidrettsanlegg og friluftsområde like ved. Sjå gjerne surnadal.vgs.no for meir informasjon om skolen vår.