Helsefagarbeidar, vikariat
Omtale av stillinga
Halsnøytunet er institusjon for eldre pleietrengande i Kvinnherad kommune. Halsnøytunet har to avdelingar, heimetenester og bufellesskap. Vi søkjer etter helsefagarbeidar, som inngår i turnus med årsplanlegging. Stillinga er knytt til eit vikariat i perioden 15.04.24-30.08.24.
Hos oss møter du ei avdeling med høgt kompetansenivå. Som tilsett vil du arbeide med oppfølging i høve stell og pleie av pasientar og vera ein del av den daglege drifta på huset. Om du er under ei helsefagleg utdanning, så kan ein kombinere stilling med utdanning. Dette kan gje deg ei god erfaring.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Dersom ikkje kvalifiserte søkjar kan det verte vurdert å tilsette assistent under utdanning til helsefagarbeidar evt. assistent.
- Gode data/ IT ferdigheter
- I tillegg til munnleg også gode skriftelege ferdigheitar
Personlege eigenskaper
- Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du må vere fleksibel og løysningsorientert.
- Ansvarsfull og nøyaktig
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Tilbod om å delta på aktivitetar som bading i varmebasseng, og trening i treningssal.
- Digital e-læringsportal og fokus på kompetanseheving
- Strategisk kompetanseplan med oversikt over stipend ordning for grunn- og videreutdanning.
- Kvalitetssystem med rutinar og prosedyrar
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.
Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.