Helsesekretær
Avdeling for rusmedisin/ AFR Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), Helse Bergen
Håkonsgaten 1, 5015 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling for rusmedisin (AFR) har ansvaret for behandlinga av Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) til pasientane i Helse Bergen sitt opptaksområde. Pasientane i LAR har i tillegg til avhengigheit til rusmidlar oftast somatisk sjukdom og sjukdom innan psykisk helse. Trongen for behandling er stor og dei treng eit helse- og sosialfagleg tilbod som er tilpassa deira livsførsel og komplekse sjukdomsbilete. Seksjonen er organisert i 6 geografiske team med poliklinikkar i kvar bydel, i tillegg har vi prosjekt HAB (Heroinassistert behandling). Kvart team er tverrfagleg samansett av psykolog, lege, sjuke- og vernepleiarar og sosionomar.
Helsesekretær/sekretær er ei viktig støtte for det enkelte teamet. Helsesekretær/sekretær inngår og i eit samarbeid med oppgåvedeling med dei andre sekretærane i LAR.
Heroinassistert behandling startet opp mars 2022 for personar med avhengigheit til heroin, som ikkje har hatt tilstrekkeleg behandlingseffekt av ordinær LAR. Det som skil HAB frå LAR er først og fremst legemiddelet. Diacetylmorfin (heroin) kan bli inntatt ved intravenøs injeksjon eller som tablettar og må bli inntatt fleire gonger i døgnet.
HAB-teamet har ansvar for både substitusjonsbehandlinga og den øvrige tverrfaglege spesialiserte behandlinga og rehabilitering av pasientane. HAB flyttar til nye lokale i Engenhuset november 2024. I samband med dette vil det også bli sett på organisering av merkantiltenstene i huset, og organisering her er på noverande tidspunkt ikkje heilt avklart.
HAB poliklinikken har ledig 100% fast stilling som helsesekretær med snarleg tiltredelse.
Den som blir tilsett må rekne med å bidra inn i sekretæroppgåver for heile seksjonen, dette etter behov og kompetanse.
Arbeidsoppgåver
- Aktivitets- og økonomioppfølging
- Mottak av pasientar og oppmøteregistrering
- Målingar, mellom anna urinprøvetaking, blodprøvetaking, promillemåling, knytt til mottak av pasientar
- Støtte av behandlingspersonell i bruk av IKT-system
- Kvalitetssikre registrering, samt pasientadministrativt arbeid i DIPS
- Varebestilling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsesekretær
- Erfaring frå administrativt arbeid innan helsesektoren
- God fremstillingsevne og kunnskap i norsk, skriftleg og munnleg
- God digital kompetanse
- Relevant realkompetanse er ein fordel
- Kompetanse i bruk av IKT-systema GAT, DIPS, Merida/LIBRA vil telle positivt
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Evne til å jobbe strukturert og planmessig
- Fleksibel og ansvarsfull
- Trivast med høgt arbeidstempo
- Evne og vilje til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Engasjement for pasientgruppa
- Personleg egnethet vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
- Moglegheit til å bidra i utviklinga av eit nytt og spennande behandlingstilbod
- Ein utfordrande og arbeidskrevande kvardag med eit stort spenn av ulike arbeidsoppgåver
- Kompetansehevande tiltak i henhald til behova
- Kollegafellesskap i LAR, samt jamlege møte med øvrige merkantile i Avdeling for rusmedisin
- Arbeid i tverrfagleg team
- Lønn etter gjeldande avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Vibeke Bråten Buljovcic, Leiar, 94798983Arbeidsstad
Håkonsgaten 15015 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4870775203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2774005
- Hentet fra
talentech
- Referanse
91a44636ec684035bceb0d5c5ca1d0f7