84,6 % vikariat som assistent f.t. ved Tenester for funksjonshemma
Beskrivelse
Nord-Fron kommune har ledig 84,6 % vikariat som assistent f.t. ved Tenester for funksjonshemma (barnebustad) i tida fom. 24.06.2019 tom 04.10.2019.
Dette er ei spennande stilling i ein barnebustad med ein variert og allsidig arbeidskvardag i eit godt innarbeidd team. Denne stillinga er knytt til eit behandlings- og omsorgstilbod til ungdom med autisme som Nord-Fron kommune har etablert. Habiliteringstenesta i Oppland er ansvarlege for behandingstilbodet og Nord-Fron kommune er ansvarleg for omsorgstenestane i barnebustaden. Det blir tilrettelagt for eit tett samarbeid og rettleiing. Målet med prosjektet er eit aktivt og mest mogleg sjølvstendig vaksenliv.
Arbeidsoppgåver som er knytt til prosjektstillinga er å legge til rette, støtte og rettleie ungdommen gjennom ulike aktiviteter i kvardagen slik at dette målet kan nås. Du vil få tett oppfølging og rettleiing av dyktige personar som har god kunnskap om det å leve med autisme.
Foreldra har ei viktig og aktiv rolle i ungdommens liv og er ein naturleg samarbeidspartner.
Det er arbeid kvar tredje helg med langvakter og elles i kvardagen er det ein kombinasjon av langvakter og seinvakter.
Du må kunne tileigne deg teori, og ta imot og gi rettleiing i utførelse av miljøarbeidet.
Du må være roleg og tydeleg i veremåte og kommunikasjon.
Vi ønskjer at du mestrer og er glad i friluftsliv og fysisk aktivitet/trening, og kan motivere for desse aktivitetane.
Vi ønskjer at du har eit nettverk i lag og foreningar, og ser verdien av inkludering.
Vi ønskjer medarbeidarar som er rause, initiativrike, kreative og gode på samarbeid.
Vi ønskjer at du har kjennskap til dataspill og filmar.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som er ein ungdom under utdanning, eller ein ungdommelig vaksen med fagbrev og erfaring fra arbeid med ungdom.
Høgskoleutdanna er og velkomne til å søke.
Menn blir oppfordra til å søke sida det er viktig med rollemodellar av begge kjønn.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar, fleksibilitet og gode samarbeidsevne vil bli vektlagt.
Politiattest og tuberkulinattest av nyare dato er kravd for stillinga.
Førerkort klasse B.
Vilkår
Løn etter kvalifikasjonar og svært gode pensjonsordningar i KLP.
Søknaden sendes
Registrer søknaden under knappen Søk på stilling.
Alle søknader på ledige stillingar skal skje via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Søknader skal ikkje sendast som e-post.
Kopi av attestar og vitnemål blir etterspurt ved behov. Kopiane blir ikkje returnert.
Nord-Fron kommune praktiserer meiroffentlegheit, der namn, adresse, alder og stilling blir offentleggjort på søkarlista etter at søknadsfristen har gått ut. Ønskje om evt. konfidensiell behandling må grunngjevast særskilt. Viss unntak ikkje blir akseptert, vil søkar bli varsla og søknaden kan eventuelt trekkast.
Om bedriften
Nord-Fron kommune med byen Vinstra og tettstadene Kvam og Skåbu, ligg i Gudbrandsdalen midt mellom Trondheim og Oslo. Kommunen har 5.800 innbyggarar. Regionen Midt-Gudbrandsdal har 13.500 innbyggarar og er eit av dei mest attraktive ferie/ fritidsområda i landet. Nord-Fron kommune har eit rikt natur- og kulturtilbod gjennom kulturskule, idrettslag og private kulturforvaltarar. Kommunen har både kunstgrasbane, friidrettsanlegg, badeland og eit stort skiløypenett. Vi har trygge og gode oppvekstvilkår for barn og unge med eit godt skule- og barnehagetilbod, som også inkluderer ein moderne vidaregåande skule. Med opning av ny E6 gjennom Gudbrandsdalen opplever vi at regionsenteret Vinstra blir sett tydelegare på kartet og vi opplever nå ein sterk vekst innafor næringsverksemder. I Nord-Fron er det stoltheit, optimisme og framtidstru!