Sjukepleiar kombinasjonsstilling
Org. nr: - Stillingsident: 4191579911 Presentasjon av stillingen:
Stillingen er ei kombinasjonsstilling med 60% vikariat på poliklinikken og 40% vikariat på sengeposten. Vikariatet varer fram til 28.02.2021 med mogelegheit for forlenging.
Ortopedisk seksjon er ein spennande arbeidsplass med høgt fagleg nivå, der det hovudsakleg blir utført planlagte ortopediske operasjonar. Seksjonen har òg ein skadepoliklinikk. Stillinga inngår i sengeposten og poliklinikken sin årsarbeidsplan, med 3 delt turnus på sengeposten.
For meir informasjon om Helse Førde sjå www.helse-forde.no
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til ortopediske pasientar, prè og postoperativt
- Samarbeide i team med legar og fysioterapeutar
- Førebuing av pasientar til planlagt operasjon
- Assistere ved undersøkingar og behandlingar på skadepoliklinikken
- Rettleiing av studentar i praksis
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Ønskeleg med relevant sjukehuserfaring og erfaring frå arbeid med ortopediske pasientar vil bli vektlagt
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasinethandsaming. Ikkje-nordiske stastsborgarar må minimun ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B12-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Hjelp til bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Gode pensjons-og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Anja Myklemyr, Einingsleiar ortopedisk sengepost, 57640181
Rebecca Hartman-Thim, Einingsleiar ortopedisk poliklinikk, 92291098
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4191579911
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.05.2020
Sluttdato: 28.02.2021
Søknadsfrist: 24.02.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.