Medarbeider legetenesta
Beskrivelse avdeling
Avdeling legetenester har ledig to vikariat for medarbeider ved legekontor og legevakt i perioden 01.04.19 til ca. 01.10.19, med moglegheit for forlenging.
40% vikariat ved Ål legekontor. I hovudsak ekspedisjonsarbeid.
15-20% vikariat ved Hallingdal legevaktsentral/Øvre Hallingdal legevakt/nattlegevakt for Hallingdal. Jobb kvar 2. eller kvar 3. helg.
Vikariata kan kombinerast.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter sjukepleiar, ambulansearbeidar eller helsesekretær.
Erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt, det same personlege eigenskapar.
Send søknad
Bruk elektronisk søknadsskjema som ligg på adresse www.aal.kommune.no under linken"Ledige stillingar". Me hjelper deg gjerne dersom du treng hjelp til å søkje elektronisk.
Ta med kopi av vitnemål og attestar ved ev. intervju
Om bedriften
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen er den største av Hallingdals-kommunane med ca. 4.800 innbyggjarar, og med Bergensbanen og Rv. 7 som hovudårer. Flott natur og gode tilhøve for sport og friluftsaktivitetar. Kommunen har eit godt kulturtilbod, og eit variert næringsliv, barnehageplass til alle, eit godt utbygd grunnskuletilbod, vidaregåande skule. Ål er "helsekommunen" i regionen med Hallingdal sjukestugu og base for Norsk Luftambulanse.