ID 2283 Ergoterapeut - Eining for aktivitet og re-/habilitering
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. februar
Fysio- og ergoterapiavdelinga i Stord kommune er organisert i Eining for aktivitet og re/habilitering med kontor sentralt i Leirvik.
Eining for aktivitet og rehabilitering er ein aktiv og spennande arbeidsplass i tett samarbeid med ulike fag og yrkesgrupper, og med ulike instansar. Vår visjon er at fleire er aktive og sjølvstendige i eige liv. I stillinga er arbeidet retta mot vaksne og eldre i Stord kommune med behov for tilrettelegging av bustad/omgjevnader, ADL- og funksjonstrening, hjelpemiddelformidling mm. Tenester vert gitt individuelt, men også i grupper. Ergoterapeut er koordinator i enkeltsaker.
Stord kommune har ledig fast 40% stilling som ergoterapeut frå 01.03.25.Personlege eigenskapar vert vektlagt. Du må kunne jobbe sjølvstendig, ha god arbeidskapasitet og arbeidsglede. Erfaring frå arbeid i kommune vil verta vektlagt. Ergoterapeuten skal bidra i eit tverrfagleg, samordna og samhandlande tenestetilbod. Me ynskjer ein kollega som er fleksibel, løysningsorientert og har gode samarbeids- og kommunikasjonsevne. Relevant vidareutdaning vert også vektlagt.
Me kan tilby varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø. Me ser etter deg som ser magien i møte med menneskjer og som ynskjer å gjere ein forskjell.
Stord kommune jobbar kontinuerleg med å utvikle og forbetre sine tenester. I Heimebaserte tenester jobbar ein no med å sjå på mogleiken for å styrka sjukepleie og meistringsteamet med ein ergoterapeut.
Me ynskjer deg som har:-
Erfaring frå kommunale ergoterapitenester og hjelpemiddelformidling
-
Erfaring med rehabilitering og førebygging
-
Rettleiingskompetanse
-
Autorisert Ergoterapeut
-
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
-
Førarkort klasse B
-
Det må og leggast fram godkjent politiattest av nyare dato
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Eit positivt og godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
For nærare opplysningar ta kontakt med:
Konstituert avdelingsleiar Tonje Hovland, tlf: 48 18 98 21 eller konstituert einingsleiar Bente Bjelland, tlf: 41 18 19 01
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2854021
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c9337214-46f6-4cbf-a132-4ee059fb917f